Vestrefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vestrefjorden er ein fjordarm av Midfjorden og Romsdalsfjorden i Haram kommuneSunnmøre. Fjorden strekkjer seg 3,5 km sørover til garden Vestre. Bygda Vestrefjord ligg i denne fjorden.

Fjorden har innløp mellom Båtsteinen i vest og Eikeneset i aust. På austsida av fjorden ligg mellom anna gardane Eik og Byrkjevoll. På vestsida ligg garden Langset. Fylkesveg 661 går langs heile fjorden. Fjorden er i kring 400 m brei og største djupna er 26 m.

Langs fjorden kan ein sjå tydelege spor etter den siste istida. 40 de Geer-morener1 ligg på rekkje og rad attmed heile fjorden.

Avgrensa av eit smalt sund, er den innerste delen fjorden ein poll med brakkvatn. Her er store område tørrlagt ved fjøre sjø. Vidare utover fjorden har ein fleire fjordtersklar.

På våren er det vanlegt at store mengde med sild kjem inn i Vestrefjorden under gytetida.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Geografisk Tidsskrift, Årgang 36, Utgave 4, 1982 , side 225 - 232