Vestregionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vestregionen er eit regionalt samarbeidsorgan på friviljug basis som er sett saman av fylkeskommunane Akershus og Buskerud og til saman 16 kommunar vest for Oslo som reknar seg som ein sams og samanhengande region, sjølv om dei høyrer til i kvart sitt av i dei fire fylka Akershus, Buskerud, Oppland og Vestfold. Ordføraren og rådmannen i kvar av kommunane representerer kommunane i dette samarbeidsorganet, som vart skipa i 1992 som eit samarbeid mellom dei to kommunane Bærum og Asker i Akershus fylke og dei tre kommunane Drammen, Røyken og Hurum i Buskerud fylke, og dei to fylkeskommunane som desse kommunane høyrde til. Samarbeidet vart utvida i 2004 med kommunane Jevnaker i Oppland, Hole, Ringerike, Øvre Eiker, Nedre Eiker og Lier i Buskerud, og Svelvik og Sande i Vestfold. I 2010 kom òg kommunane Sigdal, Krødsherad og Modum i Buskerud fylke med i samarbeidet.

Samarbeidorganet Vestregionen står mellom anna for den periodiske kunstutstillinga og kunstnarpresentasjonen kunst rett vest, og har i perioden 2009 – 2011 dessutan arbeida med å auke kunnskapen og vurdere røynslene i samanheng med å få redusert energibruken i kommunale bygg, å få til miljøsertifisere kommunale verksemder, redusere utslepp av klimagass frå kommunale køyretøy, og å utvikle eit energi– og klimagassrekneskap for kommunale verksemder.


Vestregionen er ei nemning som ofte vert nytta i andre samanhengar òg, som til dømes for den luten av Akershus fylke som ligg for seg sjølv vest for Oslo og femnar om dei to kommunane Asker og Bærum.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]