Vestskog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vestskog BA er ei regional skogeigarforeining for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, og er distriktsorganisasjon for Norges Skogeierforbund. Vestskog har rundt 2 800 medlemmer organisert i 29 lokale skogeigarlag. Vestskog vart danna i 2006 som ei omorganisering av det tidlegare Skogeigarlaget Vest til lutlag. Organisasjonen har hovudkontor på Eide i Granvin og distriktskontor i Vikedal i Vindafjord. I april 2015 fusjonerte Sogn og Fjordane Skogeigarlag med Vestskog BA. Det nye selskapet heitte framleis Vestskog.

Lutlaget hjelper medlemmene med skogbruksplanar og planlegging av drift, og kan òg utføre hogst for medlemmene. Tømmersalet til medlemmene går gjennom lutlaget, som avtalar vyrkesprisar med kjøparane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]