Hopp til innhald

Vestvågøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vestvågøya
øy
Land  Noreg
Fylke Nordland
Del av Lofoten
Stad Nord-Noreg
Høgaste punkt Himmeltindan
   høgd 964 moh.
Største by Leknes
Areal 411 km²
Kart
Vestvågøya
68°13′00″N 13°48′00″E / 68.2167°N 13.8°E / 68.2167; 13.8
Kart som viser Vestvågøya.
Kart som viser Vestvågøya.
Kart som viser Vestvågøya.
Wikimedia Commons: Vestvågøya

Vestvågøya er ei øy i Lofoten i Nordland. Øya har eit areal på 413 km²,[1] og utgjer det meste av kommunen med same namn. Øya hadde om lag 10 350 innbyggjarar i 2006.

Den midtre delen av øya er relativt flat og myrlendt, medan dei ytre delane i nord og sør er fjellendte. Det høgaste punktet på øya er Himmeltindan på 964 moh. Dei flate delane av øya er i stor grad jordbruksland.

Nappstraumen skil Vestvågøy frå Flakstadøya i vest, medan Sundklakkstraumen skil Vestvågøy frå Gimsøya i aust.[2] Nappstraumtunnelen og Sundklakkstraumen bru går mellom Vestvågøy og naboøyane. Europaveg 10 kryssar øya på veg frå aust til vest i Lofoten.

Vestvågøy har fleire tettstader og fiskevær, med Leknes som kommunesenter og største tettstad. Andre fiskevær og tettstader på øya er Stamsund, Ballstad og Gravdal. På Gravdal ligg Nordlandssjukehuset Lofoten, tidlegare Lofoten sjukehus.

Vestvågøy hadde i tidlegare tider namnet Lofotr, som har gjeve namn til heile Lofoten.[3]

  1. «100 største øyer i Noreg», Kartverket.no, 28. august 2025, henta 3. september 2025
  2. «Vestvågøya» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. «Lofoten» i Store norske leksikon, snl.no.