Veszprém
47°5′35″N 17°54′50″E / 47.09306°N 17.91389°E
| Veszprém | |||
| Vesprím | |||
| by | |||
Slottet i Veszprém | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Statistisk region | Sentral-Transdanubia | ||
| Fylke | Veszprém | ||
| Distrikt | Veszprém | ||
| Høgd | 260 m | ||
| Areal | 127 km² | ||
| Folketal | 55 910 (2022[1]) | ||
| Postnummer | 8200 | ||
| Retningsnummer | 88 | ||
![]() Veszprém 47°06′00″N 17°55′00″E / 47.1°N 17.916666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Veszprém | |||
Veszprém[a] er ein by med fylkesrettar[2] og hovudsete i distriktet med same namn i fylket Veszprém i regionen Sentral-Transdanubia i Ungarn.[3] Han er òg fylkeshovudstad i Veszprém fylke.
Veszprém er ein av dei eldste byane i Ungarn. Han ligg om lag 15 km nord for Balatonsjøen på begge sider av den vesle elva Séd, om lag 110 km frå Budapest med bil.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ifølgje ei lokal segn vart Veszprém grunnlagd på sju åsar, slik som Roma.
Anonymus, notaren til kong Béla III skreiv at det alt stod ei borg her då ungararane først okkuperte området. Borga var sannsynlegvis ei festning bygd av frankarane på 800-talet. Borgene i Veszprém, Esztergom og Székesfehérvár var dei første ungarske steinborgene, som vart bygd under regjeringstida til Géza, ei tid då motteborger var meir vanleg.
Namnet på byen kjem frå det slaviske ordet Bezprym, som opphavleg var eit personnamn. Byen vart kalla opp etter ein høvding eller son til prinsesse Judit (eldste syster til St. Stefan), som slo seg ned her etter at mannen hennar Boleslaus I av Polen kasta ut ho og son hennar.
Veszprém hadde ei viktig religiøs rolle under kampen for å gjere kristendom til den offisielle religionen i Ungarn. St. Stefan slo hæren til hovudmotstandaren sin, Koppány, nær Veszprém. Byen vart det første bispesetet i Ungarn i 1009 og eit erkebispesete i 1993. Fylket Veszprém var eit av dei første historiske fylka i Ungarn.
Under den mongolske invasjonen av Ungarn vart Veszprém verna av borga si, som seinare vart nedrive etter ordre frå Habsburg i 1706.
Veszprém var av dei første ungarske byane som fekk eit universitet, og det vart mellom anna studert jus og kunst. Universitetet vart øydelagd i ein brann i 1276, og Veszprém vart først ein universitetsby igjen på 1900-talet.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Folketalet i busetnaden ved dei siste folketeljingane:[1]
| Folketal 2001 | Folketal 2011 | Folketal 2022 | |
|---|---|---|---|
| Veszprém | 62 851 | 61 721 | 55 910 |
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Veszprém» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2007.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Census database: Population data by settlement». Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). Henta 23. september 2025.
- ↑ «Megyei jogú városok (Byar med fylkesrettar)» (PDF). ksh.hu (på ungarsk). Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). juli 2012. Henta 24. september 2025.
- ↑ «Magyarország közigazgatási helynévkönyve 2019. január 1. (Administrative stadnamn 1. januar 2019)» (PDF). ksh.hu (på ungarsk og engelsk). Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). 1. januar 2019. Henta 24. september 2025.
