Veteranbåt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Veteranbåtar er sterkt knytt til kystkulturen

Veteranbåtar og veteranskip er i dag slike som er bygd før andre verdskrigen og enno eksisterer i mest mogleg opphavleg tilstand. Mange veteranbåtar er meir enn hundre år gamle. Einskilde marinefartøy er enno ikkje 70 år. Fleire fartøy, til dømes vikingskip er vorte rekonstruert, men er då uoriginale.

Nokre av dei har vore ombygd fleire gonger, og brukt til andre føremål enn opphavleg tiltenkt. Så godt som alle seglfartøy av noko storleik er til dømes vorte utstyrt med motor, og rigga ned for at masta skal fungere som lastebom. Motoren blir alltid halde ved gjenopprigging til seglfartøy. Mange detaljar blir òg litt forskjellig for å tilfredsstille nyare tryggleiksforskrifter.

I den seinare tida er fleire av båtane vorte registrert som verneverdige representantar for typane dei representerer. Der er òg starta eigne fartøyvernsenter som tek vare på kunnskap om gammal byggekunst ved å restaurere slike båtar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]