Vetranio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vetranio

Romersk keisar
Regjeringstid1. mars 350-25. desember 350
Fullt namnFlavius Vetranio Augustus
FøddUkjend
FødestadMoesia (Serbia)
Dødca. 356
DødsstadPrusa i Bitynia
FøregangarKonstans
EtterfølgjarKonstantius II

Flavius Vetranio Augustus (død ca. 356), kjend som Vetranio, var romersk keisar saman med Konstantius II i kort tid, frå 1. mars til 25. desember 350. Han er ein av dei minst skildra keisarane i romersk historie. Vetranio var aldri augustus, berre cæsar, og stod såleis under Konstantius i mynde.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Vetranio var fødd i provinsen Moesia (i dagens Serbia), ein utkant som knapt var rekna som sivilisert av romarane. Foreldra hans hadde låg rang, og han gjekk inn i hæren i ung alder.[1][2] Sjølv om han mangla utdanning steig Vetranio raskt i gradene, og enda opp med å bli opphøga til å styra Illyria av keisar Konstans. Han hadde denne stillinga som magister militum i lang tid.[1]

Konstantin den store døydde i 337 hadde arvingane hans i Konstantinopel gått i gang med å rydda kvarandre av vegen, ettersom den avdøde keisaren ikkje hadde avgjort kven som skulle etterfølgja han. Han hadde tre søner og ein nevø som alle hadde fått tittelen cæsar, som vanlegvis blei gjeven til tronarvingen. Desse styrte i ulike delar av riket, og kunne alle gjera krav på tittelen augustus. Då blodbadet stilna hadde dei tre keisarsønene, den 21 år gamle Konstantin II, den 17 år gamle Konstantius II og den 14 år gamle Konstans kome fram til ei form for forståing som let dei leva i fred. Ein fem år gammal fetter, Julianus, blei også rekna for å ikkje utgjera ein trugsel. Dei tre sønene blei alle erklært keisar, augustus, og Romarriket blei delt opp i tre like delar, eller prefektur. Konstantin II tok prefekturet Gallia (inkludert Den iberiske halvøya og romersk Britannia); Konstans tok prefekturet Italia (inkludert Roma og Nord-Afrika); og Konstantius II tok prefekturet i aust, skild ved Balkan, heile Trakia, Hellas, heile Anatolia, romersk Syria, Midtausten, romerske Egypt, og Libya.[3]

Konstantius II invaderte straks Armenia og dreiv deretter krig mot persarane. I 340 invaderte Konstantin II områda til den yngste bror sin i Italia, men den unge Konstans forsvarte seg godt, overfall broren i eit bakhald i nordlege Italia og drap han. Då blei Romarriket delt i to igjen, ein vestleg og ein austleg del. Konstans blei upopulær hjå alle, men overlevde i ti år før han i 350, 27 år gammal, blei drepen av sine eigne generalar. Framfor å falla inn bak Konstantius II i Konstantinopel, utropte dei ein av sine eigne, ein offiser som heitte Magnentius, i opposisjon mot Konstantius II.[3]

Litt seinare det same året bad Constantina (død 354), syster til Konstantius II, ein eldre romersk militær ved namn Vetranio om å erklæra seg sjølv som cæsar. Omstenda for at Vetranio blei medkeisar er uklare. Informasjonen om at Konstantius II si syster bad han om det er oppgjeve av den greske kyrkjehistorikaren Filostorgios (død 433).[4] Konstantina frykta turleg for familien sin og sitt eige liv, og håpa at Vetranio ville verna dei frå usurpatoren Magnentius som marsjerte austover. Vetranio var ein romersk offiser og statsmann frå ein audmjuk bakgrunn i provinsen Moesia (dagens Serbia).[1] Han var ein erfaren soldat som hadde tenestegjort under Konstantin den store og deretter under sonen Konstans der han avanserte til magister militum (øvstkommanderande av hæren).

Som keisar[endre | endre wikiteksten]

Mynt prega av Vetranio: Motsett side, Vetranio i militære klede som held to labara, militære banner med kristne symbol. Over hovudet ei stjerne.
Mynt prega av Vetranio: Motsett side, Vetranio i militære klede som held kristen labarum medan han vert krona av Victoria, den romerske sigersgudinna.

Vetranio tok imot tilbodet frå Constantia den 1. mars 350. Han tok tittelen cæsar, underforstått underlagt Konstantius II i Konstantinopel, som samla ein hær for å gå mot Magnentius. Vetranio byrja prega mynter, men desse viser at han òg tok tittelen augustus, og myntane indikerte at han venta å herska i fem år og håpa på ti.[5] Det er mogleg at Vetranio var motivert av eit eige behov for å vera keisar, ikkje berre av høvisk age for Constantina og hennar familie. Ha var i alle høve akseptert av Konstantius II, som sende keisarlege regalia og pengar til Vetranio. Dette var ganske sikkert for å hindra ein allianse mellom Magnentius og den gamle hærføraren Vetranio, som på si side sende brev til Konstantius II der han erklærte lojaliteten sin.[5]

Vetranio verker å på pragmatisk vis ha freista å ri fleire hestar samstundes. Han bad jamleg Konstantius II om pengar for å kjempa mot Magnentius, men synest ikkje å ha teke aktive grep mot usurpatoren. Faktisk deltok han saman med Magnentius ved å senda ein felles ambassadør til Konstantius II. Keisaren møtte sendebodet i Heraklea i Trakia (ikkje langt frå Konstantinopel). For at keisaren skulle leggja ned våpena sie, tilbaud Vetranio og Magnentius eit triarki med Konstantius II som øvste keisar, sikra ved at Magnentius tilbaud dotter si som kone til Konstantius II og at han sjølv gifta seg med Konstantina. Konstantius II avviste dette tilbodet. Vetranio gjorde deretter keisaren rasande ved å plassera garnisonen sin ved Succorum Angustiæ (Succi-passet), i ettertid betre kjent som Trajans port.[6] Denne låg langs hovudvegen gjennom Balkanfjella, og stengde såleis tilkomet for hæren til Konstantius II.[1]

Om hausten det same året var Konstantius II i stand til å nå fram til Vetranio med hæren sin, og Vetranio som brått og uventa blei møtt av denne store hæren blei tvinga til å gå med på ein felles militærkampanje mot Magnentius og deretter abdisera. Han berga openbart sitt eige liv ved å underkasta seg utan vilkår og samarbeida. Konstantius II møtte først Vetranio ved Serdica (dagens Sofia i Bulgaria), og deretter forflytta dei seg til Naissus (dagens Niš i Serbia).[1] I ein særs velarrangert seremoni den 25. desember same år ved Naissus gjekk begge menn opp på ei plattform som keisarlege brør og likestilte, og heldt felles talar til dei samla hærane sine. Vetranio gjekk villig med på seremonien, ikkje berre for å få ein ærefull avskjed og løn for seg sjølv og offiserane sine, men òg fordi det motsette ville innebera å risikera livet. Konstantius II tok formelt av purpurkappen frå Vetranio, kalla han far og førte han til eit felles måltid. Den aldrande Vetranio blei løna med ein eigedom i Prusa i Bitynia. Han trekte seg tilbake som privat borgar og døydde her rundt fem år seinare.[1]

Konstantius II trong to år på å nedkjempa Magnentius. I nederlaget drap Magnentius seg sjølv framfor å falla i hendene på Konstantius II, og i 352 var han som sin far herskar av eit samla Romarrike.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 DiMaio, Jr., Michael (1996): «Vetranio (350 A.D.)»
  2. Edward Gibbon, The Decline and Fall of the Roman Empire, (The Modern Library, 1932), ch. XVIII., s. 589, note 75
  3. 3,0 3,1 3,2 Bauer, Susan Wise (2010): The History of The Medieval World. From The Conversion of Constantine to The First Crusade, New York/London: W. W. Norton, s. 31-33
  4. Filostorgios, 3.22
  5. 5,0 5,1 ««Roman Empire, Vetranio - Not so Loyal After All»». Arkivert frå originalen 9. september 2018. Henta 23. juli 2015. 
  6. Succi, Dictionary of Greek and Roman Geography (1854)