Vett og uvett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vett og uvett. Stubber fra Troms og Nordland er ei bok av Einar K. Aas og Peter W. Zapffe. Ho gjev att 49 humoristiske fortellingar som overlærar Ole Heide Aas (f. 1863) skreiv ned som minne frå bygdebesøk i Trondenes, der han arbeidde. Arbeidet med å samle historiene starta i 1924, då sonen Einar K. Aas og Peter W. Zapffe studerte ved Universitetet i Oslo og den pensjonerte faren var busett i Tønsberg.

Så imot kvejlsmat-tia rejnte vi oss oppe å førrliste regelrætt, ja. Å så bei høvesmajnn å kokkglujnten liggan siomsi å flyt på mastra. Kjæm så suppemelsækken drivanes førbi dæm. Men då va de lekså kokkglujnten tok sæ igjenne å så sætte han i te høvessmajnnen: «Når e betrakte dejnna suppmelsekken,» - å så aufòr han vie Vestfjorden, - «å så e ser på detta mauke, så trur e ikkje suppa ska bi før tjukk i kvejll, å da ser ut te da ska bli nòk åg.»

Frå «Kokkglujnten» , ved Einar K. Aas

Utover de opphavlege fortellingane har Zapffe skrive eigne fortellinger «som forsøk i mesterens fotspor». Desse utgjer del to i boka.

Boka er skriven med eit språk skriven i ei blanding av riksmål og ulike nordnorske dialekter, slik at ein helst bør meistre ei nordnorsk dialekt om ein vil lese høgt frå boka. Ho er illustrert med graveringar av Kaare Espolin Johnson.

Boka er utgjeven i mange utgåver, blant dei er

  • Vett og uvett, med illustrasjoner av Kaare Espolin Johnson (1942), sjette opplag (1995)
  • Vett og Uvett - klassikeren i norsk humor, praktutgåve (1992)
  • Vett og uvett, Nils Johnson les 16 av fortellingane, utgjeven som CD av Lydbokforlaget (1999).

Boka er rekna som eit viktig bidrag til forståinga av nord-norsk kultur og humor.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]