Vettelandsteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vettelandsteinen er ein runestein funne på Vetteland i Ogna i Hå kommune i Rogaland. Steinen vart funnen liggjande gravlagd under flat mark ved jordarbeid i 1896. Finnaren slo han sund og la han til side. Tilfeldigvis kom læraren i bygda forbi og la merke til innskrifta. Han varsla Stavanger Museum, og steinen vart henta inn seinare same år.

Innskrifta er i den eldre runerekkja, og vert datert til folkevandringstida, ca. 300-360. Berre delar av innskrifta er bevarte. Det har vorte leita etter det manglande stykket ved fleire høve men utan resultat. Noka sikker tolking kan difor ikkje bli gjeven. Inntil vidare er det mogleg å lese:

…. flagda faikinaR ist …. magoR minas staina …. daR faihido

På moderne norsk kan ei mogleg tolking verta: (Sonen min) er vorten heimsøkt av trolldom. (Eg reiste) steinen over sonen min. (Eg) …dar laga desse runene

Vettelandsteinen står i dag utstilt ved Arkeologisk museum i Stavanger

Kjelder[endre | endre wikiteksten]