Vevar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For fuglegruppa, sjå vevarar.
Vevar måla av Vincent van Gogh i 1884.
Henni Jaensch-Zeymer ved ein vevstol i 1980.

Vevar er ei yrkesnemning for ein person som driv med veving ved hjelp av ein vev eller vevstol.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I det gamle nordiske agrarsamfunnet var veving tradisjonelt eit kvinnearbeid, men det blei gradvis gjort om til ein hovudsakleg mannleg profesjon i byane løpet av mellomalderen og tidleg moderne tid.[1] Ein har ofte sett saman utviklinga av vevarprofesjonen med utviklinga av ein ny vevstol som avløyste oppstadveven,[2] men utviklinga var samansett.[3]

Ein av dei eldste nordiske vevarane ein kjenner til er ei Mette Weuersk, som var medlem av Skt. Gertrudsgildet i Flensborg 1432-36.[4] Deretter kjenner ein til eit medlem af St. Lucii gilde i Roskilde i 1483, og frå 1500 og seinare kjenner ein til vevarar i København. I Noreg er vevarar omtala i byloven for Bergen, men først frå 1570 kjenner ein til namngjevne vevarar i byen.[5] I Sverige er vevarar omtalte i Stockholm stads skattebok for 1517,[6] og i Finland er finlandssvenskar kjende som vevarar (wandtmacher, wandtmakare) som på hertug Johan si tid arbeidde i krona si teneste på Åbo slott.[7]

Vevarar i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Yrket har gjeve opphav til etternamn på fleire språk, som dansk Væver, engelsk Weaver, Webber, Webster[8] og Webb[9], tysk Weber og fransk Tisserand og Tisserant. Personnamnet Penelope er gresk for vevar, og sogepersonen Penelope frå Odysseen var kjend for vevinga si.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jacobsen 1983, s. 9-11.
  2. Hoffmann, sp. 679
  3. Øye 2016.
  4. Søgaard, sp. 680
  5. Hoffmann, sp. 679
  6. Granlund, sp. 680
  7. Kaukonen, sp. 680
  8. Hanks, Patrick; Richard Coates; Peter McClure (2016), «Webster», The Oxford Dictionary of Family Names in Britain and Ireland, Oxford University Press 
  9. Hanks, Patrick; Richard Coates; Peter McClure (2016), «Webb», The Oxford Dictionary of Family Names in Britain and Ireland, Oxford University Press 

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Henning Bender: Aalborgs industrielle udvikling fra 1735 til 1940; C.W.Obel Aktieselskab, Aalborg 1987; ISBN 87-982523-1-3
  • John Granlund: "Vever. Sverige" (i KLNM, bind 19, sp. 680)
  • Jacobsen, Grethe (1983), «Kvinders arbejde i det danske bysamfund 1400-1550», Kvinnearbeid i Norden fra vikingtiden til reformasjonen, Universitetet i Bergen 
  • Marta Hoffmann: "Vever" (i KLNM, bind 19, sp. 679)
  • Marta Hoffmann: "Vevstol" (i KLNM, bind 19, sp. 681f)
  • Ole Hyldtoft: Københavns Industrialisering 1840-1914. Faser i den industrielle udvikling; Herning, Systime, 1984.
  • Toini-Inkeri Kaukonen: "Vever. Finland" (i KLNM, bind 19, sp. 680)
  • Helge Søgaard: "Vever. Danmark" (i KLNM, bind 19, sp. 679f)
  • Øye, Ingvild (2016), «When did weaving become a male profession?», Danish Journal Of Archaeology 5