Hopp til innhald

Vevelstad kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vevelstad)
Vevelstad kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Nordland
Adm.senter Vevelstad
Areal 539 km²
 •  land 518 km²
 •  vatn 21 km²
Folketal 480  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Sivert Vevelstad (Ap)
Kommunenr. 1816
Kart
Vevelstad
65°40′06″N 12°31′07″E / 65.668333333333°N 12.518611111111°E / 65.668333333333; 12.518611111111
Kart som viser Vevelstad kommune.
Kart som viser Vevelstad kommune.
Kart som viser Vevelstad kommune.
Wikimedia Commons: Vevelstad
Nettstad: www.vevelstad.kommune.no

Vevelstad er ein kommune på Helgeland i Nordland fylke. Han grensar mot Alstahaug kommune i nord, Vefsn kommune i aust, Brønnøy kommune i sør og mot Vega kommune over havet i vest. Næringsvegane er hovudsakleg jordbruk, fiske, fiskeforedling og treforedling. Kystriksvegen går gjennom kommunen.

Kommunen er djupt gjennomskoren av Vistenfjorden, som er rekna for den reinaste i Noreg. Det meste av arealet i kommunen er fastland, men han har òg nokre øyar, med Hamnøya som den største. Den høgaste toppen i kommunen er Vistkjerringa på grensa mot Vefsn.[1] Rundt 50 % av kommunen er verna som Lomsdal/Visten Nasjonalpark.[2]

I 2023 hadde kommunen rundt 480 innbyggjarar. Den største busetnaden i kommunen er Vevelstad, som også huser kommunesenteret. Hamnøya i vest har rundt 20 fastbuande. Ved Vistenfjorden i nord er bygdene Stokkasjøen og Visthus, som har rundt 50 fastbuande. Heilt inne i Vistenfjorden bur det fastbuande både i Kilvågen, på Bønå og på Aursletta.[2]

Helleristninger i Vistnesdalen viser at det har budd folk i området sidan steinalderen.

Vevelstad var deltakar i Skulpturlandskap Nordland med skulpturen Opus for himmel og jord av Oddvar I.N. Daren.

Vevelstad Bygdetun er ein del av Helgeland Museum.

Kommunevåpen

[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet til Vevelstad er blått med tre flytande omvende sparrar i sølv eller kvitt. Det blei utforma av Odd P. Olsen og vedtatt brukt av kommunestyret 6. mai 1992, med godkjenning frå statsrådet 13. november same året.[2]

  1. «Høyeste fjelltopp i hver kommune». Kartverket. Henta 27. juni 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Fakta om kommunen - Hovedportal», www.vevelstad.kommune.no, henta 26. mars 2024 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Vevelstad kommune