Via Vitae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Via Vitae i gamlebyen i Tallinn, sommaren 2010.
Foto: Lars Kristian Håkestad.

Via Vitae (frå lat., tyder «livsens veg») er eit norsk blandakor for unge vaksne. Dirigent i koret er Lars Kristian Dedekam Håkestad. Repertoaret som koret syng inneheld både sakral og profan musikk, og koret syng stort sett på kyrkjekonsertar og på gudstenester. Så godt som alle arrangementa er a cappella.

Koret har ingen geografisk tilknyting innanfor Noreg, men samlast fem gonger i året på ulike stader til øving, konsert og gudstenestedeltaking. Koret er eit medlemskor i Ung Kirkesang.

Det er krav om opptaksprøve og alder over 18 år for å verte medlem i koret.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Via Vitae vart stifta våren 2004 etter initiativ av ein venegjeng frå den årlege korsommarskulen i Lund kyrkje i Kristiansand. Rekrutteringa var stort sett frå miljø frå Ung Kirkesang fram til koret vitja Viken folkehøgskole og Toneheim folkehøgskole i 2009 og 2010, og medlemstilfanget vart utvida. I 2010 reiste koret på sin første utanlandstur, til Tallinn i Estland, som førte til invitasjon til festivalen Jakobs Dagar i Jakobstad, Finland, det påfølgjande året.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]