Vyborg bibliotek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Viborg bibliotek)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vyborg bibliotek
Alvar Aalto Library Vyborg3.jpg
ArkitektAlvar Aalto
Stilmodernistisk arkitektur, Funksjonalisme i arkitektur

Viborg bibliotek
60°42′33″ N 28°44′49″ E
Interiørbilete frå bybiblioteket i Vyborg

Vyborg bibliotek er eit bibliotek i Vyborg i Russland. Bygget er utforma av den kjende finske arkitekten Alvar Aalto. På finsk heiter biblioteket Viipurin kirjasto.

Aalto vann ein arkitektkonkurranse i 1927. Det tok tid å avgjera om bygget skulle reisast, og teikningane vart endra etter kvart. Bygget vart reist i tida frå 1933 til 1935. På denne tida var Vyborg (finsk Viipuri, svensk Viborg, russisk Vyborg) ein del av Finland. Etter andre verdskrigen vart området ein del av Sovjetunionen.

Bygget er sett på som eit tidleg viktig verk av Aalto, med typisk funksjonalistisk arkitektur. Internasjonalt er biblioteket rekna som eit viktig arkitekturhistorisk kulturminne, som bør takast var på nær slik det vart bygd. Aalto teikna og var formgjevar for alt frå sjølve bygget til interiør og møblar. Mykje trematerial vart nytta. Under krigen vart byen utsett for sterk bombing, men bibliotekbygget vart ikkje råka.

Etter krigen stod bygget lenge tomt, og det vart gjort lite vedlikehald. På 1950-talet vart bygget på nytt opna som bibliotek, men mykje av innreiinga og interiøret hadde gått tapt. Noko oppussing vart gjort, ut frå fotografi. Ein kunne då, på grunn av politiske tilhøve, ikkje ha kontakt med Aalto sitt arkitektkontor.

På 1990-talet vart det sett i gang eit prosjekt med å restaurera bygget i høve Aalto sine teikningar. Prosjektet er eit samarbeid mellom Finland og Russland. Det er laga til eit fond for restaureringsarbeidet, som det vert samla inn pengar til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]