Hopp til innhald

Viborgs län

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viborgs län
Viipurin lääni
Län i Finland

 

1743–1947
 

 

Våpen of Viborg

Våpen

Location of Viborg
Location of Viborg
Viborgs län i 1897
President
 - 1918-1920 Antti Verner Hackzell
 - 1925-1944 Arvo Manner
Historie
 - Oppretta 6. desember 1743
 - Freden i Moskva 21. mars 1940
 - Våpenstillstanden i Moskva 19. september 1944
 - freden i Paris 10. februar 1947
Areal
 - 1939¹ 32 134 km²
Folketal
 - 1939¹ 620 838 
     Folketettleik 19,3 /km² 
¹ Om lag 43 000 km² av den finske delen av Ladoga.

Viborgs län (finsk Viipurin lääni) er eit historisk len i Finland. Lenet bestod i tidsrommet 18121945. Før 1811 utgjorde lenet mesteparten av Viborgs guvernement i Russland.

Ved freden i Nystad 1721 måtte Sverige avstå Det karelske neset og Ladoga-Karelen til Russland. Ved freden i Åbo 1743 måtte Sverige dessutan avstå alt land austom Kymmene älv til Russland. Desse områda i Russland utgjorde fram til 1811 Viborgs guvernement. Då heile Finland vart avstått til Russland i 1809 vart Viborgs guvernement sameint med Finland att i 1811 og danna frå 1812 Viborgs län i Finland. Byar i Viborgs län var Viborg (Viipuri), Fredrikshamn (Hamina), Kotka, Villmanstrand (Lappeenranta), Kexholm (Käkisalmi) og Sordavala (Sortavala). Byen Nyslott (Savonlinna) som òg hadde høyrt til Viborgs guvernement, vart overført til det i 1831 oppretta Sankt Michels län.

Etter vinterkrigen 19391940 vart størsteparten av Viborgs län med byane Viborg, Kexholm og Sordavala avstått til Russland. Området vart teke attende av Finland i framhaldskrigen 19411944 men på nytt tapt til Russland i 1944. Landavståinga vart stadfest ved fredsavtala i Paris 1947. Dei over 400 000 innbyggjarane i dei avståtte finske områda måtte finne seg nye heimar i Finland. Dei avståtte områda vart innlema i Leningrad oblast og Karelia i Russland. Det karelske neset med byane Viborg (russisk Vyborg (Выборг)) og Kexholm (russisk: Priozersk (Приозерск)) ligg i Leningrad oblast, medan Ladoga-Karelen med byen Sordavala (russisk Sortavala (Сортавала)) ligg i Karelia.

Dei attverande delane av Viborgs län med byane Kotka, Fredrikshamn og Villmanstrand vart 1945 omdøypt til Kymmene län.

Viborgs guvernement, avstått til Russland i 1721 (grønt) og 1743 (gult).
Område avstått til Russland 1944. Det karelske neset med byane Viborg (raudt) og Kexholm (svart) utgjer området sørvest for Ladoga. Ladoga-Karelen med byen Sordavala (svart) utgjer området nord for Ladoga.

Kommunar i dei avståtte områda

[endre | endre wikiteksten]

Nedanfor fylgjer eit alfabetisk oversyn over dei kommunane i Viborgs län som vart avståtte til Russland i 1944. I tabellen er svenske, finske og russiske namn oppførte. Lista over svenske namn fylgjer den offisielle arkivlista.[1] Eldre svenske namn som kan nyttast i historiske samanhengar, finst i lista frå Svenska folkpartiets ortnamnskommitté.[2] Kommunar i dei avståtte områda med tradisjonelle, men ikkje «offisielle», svenske namn: Impilax, Jääskis, Kirvus, Mola, Rautus, Salmis er ikkje oppførte i tabellen. Dei russiske namna i Ladoga-Karelen er transkripsjonar av dei finske namna. På Det karelske neset vart dei russiske namna tildelte i 194849 for alle tettstader, unnateke Viborg.[3]

Folketalet i kommunane er henta frå Finlands officiella statistik.[4]

Flyktningar frå Muolaa på veg mot vest, desember 1939
Svensk namnFinsk namnRussisk namnFolketal
1939
Distrikt
BjörköKoivistoPrimorsk2 272Det karelske neset
Björkö landkommuneKoivisto landkommune8 883Det karelske neset
HarluKharlu7 828Ladoga-Karelen
HeinjokiVesjtsjovo3 712Det karelske neset
HiitolaKhijtola8 265Ladoga-Karelen
HoglandSuursaariGogland772Utøyane
ImpilahtiImpilakhti14 399Ladoga-Karelen
Jaakkima8 503Ladoga-Karelen
Jääski[5]Lesogorskij20 879Det karelske neset
KanneljärviPobeda3 805Det karelske neset
KaukolaSevastjanovo4 201Det karelske neset
KexholmKäkisalmiPriozersk5 083Det karelske neset
Kexholm landkommuneKäkisalmi landkommune5 575Det karelske neset
KirvuSvobodnoje8 721Det karelske neset
KivinebbKivennapaPervomajskoje9 912Det karelske neset
Korpiselkä[5]3 584Ladoga-Karelen
KronoborgKurkijokiKurkijoki10 032Ladoga-Karelen
KuolemajärviPionerskoje5 686Det karelske neset
LahdenpohjaLakhdenpokhja1 959Ladoga-Karelen
LavansaariMosjtsjnyj1 089Utøyane
LumivaaraLumivaara5 239Ladoga-Karelen
MetsäpirttiZaporozjskoje5 162Det karelske neset
MuolaaPravdino11 959Det karelske neset
NykyrkaUusikirkkoPoljany11 110Det karelske neset
PyhäjärviOtradnoje8 128Det karelske neset
Pälkjärvi[5][6]1 953Ladoga-Karelen
RautuSosnovo5 909Det karelske neset
RuskealaRuskeala6 938Ladoga-Karelen
RäisäläMelnikovo7 874Det karelske neset
SakkolaGromovo6 395Det karelske neset
SalmiSalmi14 167Ladoga-Karelen
Sankt AndreeAntreaKamennogorsk8 772Det karelske neset
Sankt JohannesJohannesSovetskij10 303Det karelske neset
SeitskärSeiskariSeskar688Utøyane
SoanlahtiSoanlakhti3 106Ladoga-Karelen
SordavalaSortavalaSortavala4 710Ladoga-Karelen
Sordavala landkommuneSortavala landkommune21 487Ladoga-Karelen
SuistamoSujstamo8 141Ladoga-Karelen
SuojärviSuojarvi15 934Ladoga-Karelen
Säkkijärvi[5]Kondratjevo8 685Det karelske neset
TerijokiZelenogorsk7 913Det karelske neset
TyterskärTytärsaariBolsjoj Tjuters436Utøyane
Vahviala[5]Jasjino5 851Det karelske neset
ValkjärviMitsjurinskoje7 694Det karelske neset
ViborgViipuriVyborg74 403Det karelske neset
Viborg landkommuneViipuri landkommune19 842Det karelske neset
Vuoksela2 940Det karelske neset
VuoksenrantaOzjorskoje3 602Det karelske neset
ÄyräpääBarysjevo6 113Det karelske neset
Sum430 614

Kommunar som berre miste ein del av området sitt, men som elles heldt fram etter krigen: Virolahti, Ylämaa, Lappee, Nuijamaa, Ruokolahti, Rautjärvi, Simpele, Parikkala, Saari, Uukuniemi, Kitee[6], Tohmajärvi[6], Värtsilä[6], Ilomants[6].

Øvrige utøyar i Finskebukta som vart avståtte til Russland: Sommarö, Nervö, Rödskär.

  1. Genealogiska Samfundet i Finland, Finlands församlingar, Avträdda området sitt församlingar som upphört.
  2. Å. Granlund og K. Zilliacus, Svenska ortnamn i Finland med finska motsvarigheter, Helsingfors 1962. Tradisjonelle uoffisielle svenske namn Uppslagsverket Finland Arkivert 2012-11-05 ved Wayback Machine.
  3. kannas.NM.ru/ Arkivert 2009-09-07 ved Wayback Machine. (russisk)
  4. Finlands officiella statistik, VI: Befolkningsstatistik 93. Befolkningsförhållandena år 1939. FOS VI:93., sjå Suomen Kunnat, Historiske folketalet i 621 finske kommunar. (finsk).
  5. 1 2 3 4 5 Den delen som vart igjen i Finland, vart innlemma i nabokommunane.
  6. 1 2 3 4 5 Kommunen grensa til Viborgs län, men høyrte til Kuopio län.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]