Vickers Viscount

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Vickers Viscount

Vickers Viscount var eit mellomdistanse-passasjerfly med turboprop-motorar som vart introdusert i 1953 av Vickers-Armstrong. Det var det første av sitt slag som turboprop passasjerfly, og det skulle visa seg å verta eit av dei mest vellukka første-generasjons etterkrigsflya. Det vart bygt i 445 eksemplar og var godt likt av passasjerane som eit støysvakt og vibrasjonsfritt fly med større vindauge enn i meir moderne fly.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege konstruksjonen var eit resultat av forslaget frå Brabazon-komiteen til konstruksjon av eit mindre mellomdistansefly med turboprop-motorar, med trykk-kabin for ruter med liten trafikk, med plass til 24 passasjerar og rekkjevidd opp til 2,800 km med ein fart på 322 km/t. British European Airways (BEA) deltok i utforminga av prosjektet og ba om at flyet skulle vera istand til å frakta 32 passasjerar, men elles uendra i konstruksjonen.

Ein type IIA skulle vera ein versjon med stempelmotorar og vart bygd under namnet Airspeed Ambassador.

Resultatet Vickers Type 630 vart fullført ved Vickers Brooklands fabrikkar i 1945, eit fly med plass til 32 passasjerar utstyrt med 4 Rolls-Royce Dart motorar med ein forbetra marsjfart på 443 km/t. Bygging av to prototypar vart sett i gang i mars 1946, Opphavleg skulle flytypen heita «Viceroy», men ein måtte skifta namn etter at India vart sjølvstendig stat i 1947.

Prototypen, modell 630, flaug fyrste gong 16. juli 1948. Den andre prototypen vart bygd med to Rolls-Royce Tay turbojet motorar i staden for dei fire Dart-motorane. Den fyrste prototypen fekk luftdugleiksbevis 15. september 1949, og den 27. 1950 vart flyet teke i bruk av BEA for å gjera flygarar og bakkemannskap fortrulege med det nye flyet.

Det viste snart at seg konstruksjonen, for lågt passasjertal og for låg fart gjorde flytypen ulønsam for ruteflyging.

Konstruksjonen gjekk attende til teiknebordet og stod opp igjen som eit større «Type 700» med plass til 48 (i enkelte kabinversjonar 53) passasjerar, og med ein marsjfart på 496 km/t. Den nye prototypen flaug første gong 28. august 1950. British European Airways bestilte 20 V.701s, og straks etter følgde andre flyselskap opp med sina ordre.

BEA fekk sit første turboprop i januar 1953, og i april kom den første turbopropen i verda i regulær trafikk.

Tre år seinare så vann Viscount transport-klassa i det 19,903 km lange løpet frå London til Christchurch, New Zealand. Flyet heldt ein gjennomsnittsfart på 515 km/t. Den kryssa målstreken ni timar før den næraste konkurrenten, ein Vickers Vicounts frå New Zealands National Airways Corporation.

Model 700D fekk kraftigare motorar og Model 724 nytt brenselsystem og cockpit for to pilotar, og dessutan auka vekt.

Den siste store forandringa kom med Type 800 Supar Viscount, som vart forlenga 1.2 m med kapasitet fór inntil 71 passasjerar. Det var planlagt ei ytterlegare utviding/forlenging, men Vickers lanserte denne som ein ny type (Vanguard).

Flyet heldt fram i teneste hos BEA og British Airways fram til 1980-talet, nokon gjekk inn i charter-trafikken til British Air Ferries (seinare British World). Dei siste britiskeigde fly vart selt til Sør-Afrika der ei lite mengd framleis (2010) er i bruk.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Vickers Viscount Model 802 i British European Airways' farge på London (Heathrow) Airport, 1964

Mengder fly som vart bygd er oppgjeve med ulike tal: Engelsk Wiki oppgjev mengda til 445. Nettstaden Airliners.net 436. Truleg er det riktige talet 440 eksemplar:

Så seint som i 2004 var enno 3 Viscounts i bruk, alle i Afrika og 23 eksemplar verna i ulike musé.

  • 630 – Prototypen – 2 stk.
  • 700 – første produksjonsutgåve, 1,381 hk motor – 287 vart bygd
  • Av desse m.a.
  • 724 – 15 selt til Tran si Canada Airlines (TCA) of Canada, spesialdesignet for kaldt klima.
  • 745 – 60 selt til Capital Airlines, USA
  • 757 – 35 selt til Tran si Canada Airlines med kraftigare 1,600 hk Dart 510 motorar
  • 771D 197 i ei forbetra utgåve av 770D
  • 800 – 67 av ein versjon der skroget vart skroget forlengt med 1.2 m
  • 810 – 84 av denne versjonen med 1,991 hk motorar

Spesifikasjonar (Model 800)[endre | endre wikiteksten]

Generell karakteristikk[endre | endre wikiteksten]

  • Mannskap: to flygarar + cabin besetning
  • Kapasitet: 75 passasjerar
  • Lengd: 26.11 m
  • Vengespenn 28.56 m
  • Høgd: 8.15 m
  • Vingeflate 89 m²
  • Vekt
    • Tomvekt 18,815 kg
    • Lasta (kg)
    • Max takeoffvekt : 32,786 kg
  • Motorar: 4x Rolls-Royce Dart RDa.7/1 Mk 525 turboprop, 2,100 hk kvar

Yting[endre | endre wikiteksten]

  • Maks. fart: 566 km/t
  • Rekkjevidd: 2,790 km
  • Marsjhøgde: 7620 m
  • Stigeevne: ( m/min)

Militærutgåver levert til[endre | endre wikiteksten]

  • Australia, Brasil, Kina, India, Oman, Pakistan, Sør-Afrika, Tyrkia, Fleire av desse som VIP-øversjon.

Viscounts i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Det har vore registrert sju Vickers Viscount i Noregs luftfartøyregister. Seks fly ått av Fred. Olsens flyselskap. Braathens SAFE bestilte ein (LN-SUN) men tok den ikkje i bruk.

  • LN-FOF
  • LN-FOH, registrert 25. april 1957
  • LN-FOI, skaffa 28. juni 1957
  • LN-FOM, skaffa 30. april 1957
  • LN-FOK, skaffa 16. august 1957
  • LN-SUN, bestilt av Braathes SAFE 1954. Registrert på norsk register, men ikkje teke i bruk.

LN-FOI og LN-FOM vart begge utleidd til SAS i 1961 og målt i SAS-fargar, men utan vikingnamn. LN-FOK vart utleidd til SAS i overgangen 1961-62, men opererte i Fred.Olsen Fargane til flyselskap. Dei vart brukt på innanlandsrutene Oslo-Bodø og Oslo-Bergen.

British European Airways brukte flyet på 1950- og 1960-talet i sin rute til Stavanger og Oslo kor den avløyste Vickers VC.1 Viking og vart etterfølgt av Airspeed Ambassador.

Flugfélag Íslands brukte Vickers Viscount mellom Reykjavik og Skandinavia kor den etterfølgde selskapet sitt DC-4 Skymaster. Eit av selskapet sitt Viscount (TF-ISU) styrta under innflyging til Oslo (Nesøya-ulukka).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]