Victor Vasarely

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Victor Vasarely
Victor Vasarely.jpg
Fødd 9. april 1906
Pécs
Død

15. mars 1997
Paris

Yrke kunstmålar, biletkunstnar, bilethoggar, designar

Victor Vasarely, ungarsk Győző Vásárhelyi ({9. april 190615. mars 1997) var ein ungarsk målar og grafikar som frå 1930 var verksam i Frankrike.

Verk av Victor Vasarely i Pécs.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Vasarely var fødd i Pécs i Ungarn. Han gjekk i lære hjå László Moholy-Nagy, og kom gjennom denne i kontakt med verk av Kandinskij, Gropius, Le Corbusiers og Mondrian. Han fekk djupe inntrykk frå funksjonalismen i Bauhaus. Han laga abstrakte op art-verk, ofta måla i kontrasterande farger, som var samansette av skarpt avskorne geometriske former. Vasarely er mellom anna representert ved Göteborgs konstmuseum,[1] Moderna museet[2] og Arkivet för dekorativ konst[3] i Sverige.

Han var far til Jean-Pierre Vasarely, også kjend som Yvaral, som også var kunstnar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Göteborgs konstmuseum
  2. Moderna museet
  3. Skissernas museum

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Victor Vasarely
Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.