Victor Weisskopf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Victor Weisskopf
VictorWeisskopft-LosAlamos.jpg
Fødd 19. september 1908
Wien
Død 22. april 2002
Newton
Nasjonalitet Austerrike-Ungarn, USA
Område kvanteelektrodynamikk
Yrke fysikar, kjernefysiker, universitetslærar
Institusjonar Universitetet i Leiden
Alma mater Universitetet i Göttingen
Doktorgradsrettleiar Max Born
Medlem Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det sovjetiske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Det franske vitskapsakademiet
Akademie der Wissenschaften der DDR
Det pavelege vitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet
National Academy of Sciences
American Physical Society

Victor Frederick Weisskopf (fødd 19. september 1908 i Wien, død 22. april 2002) var ein austerriksk-fødd jødisk-amerikansk teoretisk fysikar.

Weisskopf tok doktorgraden sin i fysikk under Max Born ved universitetet i Göttingen i Tyskland i 1931, og var assistent for Werner Heisenberg og Erik Schrödinger. Han måtte forlate Tyskland i 1932, og oppheldt seg dei neste åra hos L. Landau i Sovjetunionen, hos Niels Bohr i København og Werner Pauli i Zürich. I 1937 reiste han til USA og var professor ved University of Rochester frå 1937 til 1943. I desse åra gjorde Weisskopf fleire store bidrag til utviklinga av kvanteteorien, spesielt innanfor elektrodynamikk.

Frå 1943 til 1945 var han tilknytt Los Alamos Scientific Laboratory og Manhattanprosjektet for å utvikle den første atombomba, og seinare kjempa han mot spreiing av kjernefysisk arbeid og atomvåpen. Etter andre verdskrigen, slutta Weisskopf seg til fysikk-fakultet ved MIT, der han var professor fram til 1947, utanom perioden 1961-1966, då han var generaldirektør for forskingssenteret CERN i Sveits.

Weisskopf var med-grunnleggjar og styremedlem for Union of Concerned Scientists. Han vart tildelt Max Planck-medaljen i 1956 og Wolf-prisen i 1981. Han var president for American Physical Society (1960–1961) og American Academy of Arts and Sciences (1976–1979). I 1981 leia Weisskopf ei gruppe på fire vitskapsmenn sendt av pave Johannes Paul II for å snakke med dåverande president Ronald Reagan om behovet for å forby bruk av kjernefysiske våpen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]