Victoria II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Victoria II (forkorta Vic II) er eit historisk storstrategispel laga av Paradox Interactive som vart utgjeve den 31. august 2010. Spelet strekkjer seg frå tidleg på 1800-talet til tidleg på 1900-talet. Victoria II er oppfølgjaren til Victoria: An Empire Under the Sun.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  • Simulert økonomi med prisstiging og tilbod og etterspørsel.
  • Interessesfære
  • Over 200 spelbare nasjonar
  • Betre grafikk

Spelets omfang[endre | endre wikiteksten]

Spelet går føre seg frå 1836 til 1936, der spelaren styrer ein nasjon gjennom den industrielle revolusjonen til slutten av mellomkrigstida. Som andre Paradox-spel, skjer handlinga i spelet på eit kart der land er representerte med ulike farger på kartet. Spelaren kan velje mellom to startpunkt, 1836 og 1860. Spelet har eit stort fokus på kolonisering og økonomi, og mindre fokus på krig enn andre spel av Paradox. Krigføring i spelet er mykje likt andre Paradox-spel, der ein har ein hær som består av forskjellige typar regiment.

Utvidingar[endre | endre wikiteksten]

A House Divided[endre | endre wikiteksten]

  • Legg til startpunktet A House Divided som set datoen til 1. juli 1860, under eit år før byrjinga av den amerikanske borgarkrigen.
  • Oppdatert kart
  • Betre grafikk
  • Moglegheit til å investere i andre land

Heart of Darkness[endre | endre wikiteksten]

  • Oppdatert koloniseringssystem
  • Oppdatert marinefunksjon
  • Lagt til internasjonale kriser
  • Lagt til aviser

Andre utvidingar[endre | endre wikiteksten]

  • Songs of the Civil War (ljodspor)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]