Victoria av Sachsen-Coburg-Saalfeld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Victoria av Sachsen-Coburg-Saalfeld
Victoria of Saxe-Coburg-Saalfeld - Rothwell 1832.jpg
Fødd17. august 1786
Coburg
Død16. mars 1861
Frogmore House
Alle titlarhertuginne, prinsesse, prinsesse, British princess
Hus eller slektHuset Wettin
GravstadSt. George's Chapel, Frogmore Estate
LandTyskland
MorAugusta av Reuss-Ebersdorf
FarFranz
EktefelleEmich Carl av Leiningen, Edward Augustus
BarnKarl zu Leiningen, Feodora zu Leiningen, Victoria av Storbritannia

Victoria av Sachsen-Coburg-Saalfeld (fødd 17. august 1786 i Coburg, død 16. mars 1861 i Frogmore House ved Windsor) var ei tysk prinsesse og mor til dronning Victoria av Storbritannia.

Victoria blei fødd i 1786 som dotter av hertug Franz av Sachsen-Coburg-Saalfeld og Auguste von Reuss zu Ebersdorf. Da ho var 17 år gammal, den 21. desember 1803, gifta ho seg med fyrst Emich Karl von Leiningen, men han døydde allereie i 1814.

Frå dette ekteskapet hadde ho to born:

  • Karl Friedrich Wilhelm, fyrste av Leiningen (1804-1856)
  • Anna Feodora Auguste av Leiningen (1807-1872), seinare fyrstinne Feodora von Hohenlohe-Langenburg

Fleire år seinare, den 11. juli 1818, gifta ho seg i Kew Palace (Surrey) med Edward August av Hannover, hertugen av Kent, ein yngre son av kong Georg III av Storbritannia. I dette ekteskapet fekk ho dottera Alexandrine Victoria, den seinare dronninga av Storbritannia og Irland og keisarinna av India.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]