Victory Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 72°40′S 168°00′E
Victory Mountains
fjellkjede
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 72°40′S 168°00′E
Lengd 160 km
Administrert under Antarktistraktaten

Victory Mountains
72°40′0″ S 168°0′0″ E
Victory Mountains is located in Antarktis
Victory Mountains (Antarktis)

Victory Mountains er ei stor gruppe fjell i Victoria Land i Antarktis, kring 160 km lang og 80 km brei, som hovudsakleg grensar til Mariner- og Tuckerbreen og Rosshavet. Skiljet mellom desse fjella og Concord Mountains (mot nordvest) er ikkje nøyaktig fastsett, men er tilsynelatande sett til nærleiken av Thomson Peak.[1]

Fjella som vender mot Rosshavet vart først sett av dei tidlege britiske ekspedisjonane til Ross, Borchgrevink, Scott og Shackleton. Dei indre delane av fjella vart kartlagd frå flyfoto tekne under U.S. Navy og landmålingar gjort av grupper frå New Zealand og USA i 1950- og 1960-åra. Det fekk dette namnet av NZGSAE 1957-58, på grunn av nærleiken til dette Admiralty Mountains og at fleire fjell i kjeda er kalla opp etter sigrar, særleg sigrar i sjøslag.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Victory Mountains». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 25. februar 2013.