Vidøla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vidøla er ei lita elv i Vassfaret som dannar grense mellom Ringerike kommune i Buskerud og Sør-Aurdal kommune i Oppland. Elva, som inngår i Vassfaret/Vidalen landskapsvernområde, startar øvst i Vidalen og renn ned på Hedalsiden, der ho munnar ut i Urula.

Vidalen er omkransa av Vikerfjell i aust og Storrustefjell og Middagsknatten i vest. På begge sider stig landskapet bratt til over tusen meters høgd. Botn av dalen, der Vidøla renn, ligg om lag 600 moh.. Gjennom dalen gjekk den gamle ferdavegen sørover, òg kalla kongevegen. Elva flyt sakte nordover gjennom dalen, og trass i at ho ligg høgt, frys ho aldri heilt om vinteren.

Segna seier at før svartedauen budde det folk i Vidalen. Det skal i følgje den same segna ligge nedgraven ein stor sølvskatt langs den gamle kongevegen, og ein gong i tida låg det òg ei lita kyrkje inne i Vidalen.