Vida Vencienė

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vida Vencienė
Statsborgarskap Litauen, Sovjetunionen
Fødd 28. mai 1961 (62 år)
Ukmergė kommune
Yrke langrennsløpar
Høgd 169 centimeter

Vida Vencienė, fødd Mogenytė, (fødd 28. mai 1961) er ein litauisk tidlegare langrennar frå Ukmergė som vart olympisk meister på 10 km i 1988, då ho representerte Sovjetunionen.

Vencienė debuterte i verdscupen i langrenn med ein femteplass på 10 km i kanadiske Bibawik i desember 1985. Ho deltok på 10 km då Ski-VM 1987 fann stad i Oberstdorf, der ho enda på 13. plass. OL-sesongen 1988 vart ho nummer to på ein 10 km i sovjetiske Kavgolovo, hennar nest beste plassering i eit verdscuprenn. Seks veker seinare kom høgdepunktet då ho vann gullmedaljen på 10 km og deretter tok bronsemedaljen på 5 km under Vinter-OL 1988 i Calgary. Året etter var sjuandeplassen på tremila hennar beste prestasjon i Ski-VM 1989.

Sesongane 1992-94 deltok Vencienė i dei internasjonale meisterskapane som representant for Litauen. Ein 11. plass på 15 km ved Vinter-OL 1992 i Albertville vart ståande som det beste resultatet frå den perioden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.