Vidar Bauer
Utsjånad
| Vidar Bauer | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 19. september 1954 |
| Død | 19. september 2024 (70 år) |
| Idrett | handball |
Vidar Bauer (19. september 1954–19. september 2024) var ein handballspelar frå Kolbotn i Akershus. Han vart seriemeister med Kolbotn Idrettslag i 1983 og 1984. Bauer var kantspelar.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Bauer var frå 1975 ein sentral spelar på Kolbotn sitt lag i toppserien i handball. Våren 1983 gjekk laget heilt til topps i 1. divisjon. Året etter vart Bauer og Kolbotn seriemeister på ny. Etter å ha spelt for HK Herulf i tida 1985–1987, avslutta han med ein siste aktiv sesong i Kolbotn.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Bauer debuterte borte mot Italia den 26. mai 1978. Den 28. februar 1985 spelte han sin 151. landskamp, Finland på bortebane var motstandar. Nett då hadde ingen norske handballspelarar på karasida delteke i fleire kampar i landslagsdrakta. Bauer skåra 245 mål for Noreg.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Seriemeister: 1983 og 1984 med Kolbotn IL
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Vidar Bauer i Store norske leksikon.
- våre minnesider
- Oavis 30. september 2024
- handball.no