Videokunst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Perpetuum Mobile I, videokunst som del av verket Fish Flies On Sky av Nam-June Paik ved Museum Kunstpalast i Düsseldorf i 1987.
Spunkt Art Now av Oli Sorenson frå 2020.

Videokunst er ei kunstform basert på levande bilde, og kan bestå av video og/eller lyd. Ho eksisterer fritt frå TV eller kino. Videokunst dukka opp som fenomen på 60 og 70-talet, og er i stadig bruk spesielt som ein del av kunstinstallasjonar. Fenomenet datakunst har oppstått seinare, og sjølv om dei to formene ligg nær kvarandre så er produksjonsmidla og til dels verkemidla forskjellige. Utøvarar av videokunst, som ved ein performance, blir av og til omtalte som VJ (video jockey), som er ein visuell variant av ein DJ (disc jockey).

Ein av dei viktigaste skilnadane mellom videokunst og kinovist film er at kunstforma bruker andre konvensjonar enn dei som definerer uttrykksforma til film. Videokunst treng ikkje skodespelarar, han kan vera utan dialog og forteljar eller eit gjenkjennbart tema. Svært ofte manglar underhaldningsmomentet, og det kan vera formidling av ei stemning eller kjensle som er det drivande. Distinksjonen er viktig fordi han set eit skilje mellom videokunst og kinofilm og også avantgarde-film og kortfilm. Kanskje den enklaste definisjonen er at målet for ein kinofilm er å underhalda, medan videokunst kan vera meir samansett, frå å utforska grensene i kunstarta (Peter CampusDouble Vision) eller ved å angripa forventningane til observatøren slik ho er forma av konvensjonell kinofilm (Joan JonasOrganic Honey's Vertical Roll).

Videokunstnarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]