Vientiane
Vientiane | ||
---|---|---|
Vientiane | ||
Styresmakter | ||
Land | Laos | |
Geografi | ||
Koordinatar | Koordinatar: | |
Plassering | ||
|
Vientiane er hovudstaden i Laos og ligg ved elva Mekong. Byen hadde i 2005 eit innbyggjartal på 646 500. Han er ein administrasjons- og handelsby. Ved Vientiane kan berre små fartøy sigla på Mekong. Byen har ei internasjonal lufthamn, universitet og ei rad andre utdannings- og forskingsinstitusjonar. Vientiane har også mange buddhisttempel og nasjonalmonumentet Pha That Luang. Det tidlegare kongeslottet i byen er no regjeringsbygg.
Byen vart grunnlagd på 1200-talet. Kong Setthathirath gav byen status som hovudstad i Lan Xang i 1560. Då Lan Xang fall i 1707 vart Vientiane eit sjølvstendig kongedøme. I 1779 vart byen erobra av den thailandske generalen Phraya Chakri, og vart ein vasallstat til Siam. Vientiane vart hovudstad i det franskstyrte Laos i 1899.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Vientiane» av redaksjonen i Store norske leksikon, snl.no.