Vierramvarre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vierramvarre
Rullevare, Vierranvárri
fjell
Røysane på toppen av Vierramvare
Land  Sverige
Region Lappland
Kommune Kiruna
Fjellkjede Dei skandinaviske fjella
Koordinatar 67°52′56″N 18°29′49″E / 67.882222°N 18.496944°E / 67.882222; 18.496944
Høgd 1 711 m
Kart
Vierramvarre
67°52′56″N 18°29′49″E / 67.882222222222°N 18.496944444444°E / 67.882222222222; 18.496944444444

Vierramvare, eller Rullevare, nordsamisk Vierranvárri, er eit fjell som er 1711 meter høgt, som ligg vest for Kebnekaise i Lappland i Sverige. Fjellsidene er relativt bratte og består i stor del av lause steinblokker. I aust styrtar fjellet bratt ned i Kitteldalen og i vest-sørvest ned i Singivagge. I nord sluttar det ned i Kaffedalen og i sør ned i den mindre dalen mellom Vierramvare og Tolpagorni.

Fjellvandrarar som er på veg mot sørtoppen av Kebnekaise kan velje å gå den såkalla Västra leden, som blant anna passerer over toppen av Vierramvare. Langs med stien, i området omkring toppen, har forbipasserande vandrarar oppført store mengder røyser av nærliggande steinar i skiftande storleik og form.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]