Vierregionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vierregionen er den nedre delen av snaufjellet. På fuktige stader, på myrar, ved vatn, elvar og bekkar veks vier og dvergbjørk, snart i tette kratt, snart i spreidde småfelt eller som einskildførekomstar. Til saman dekker desse buskane berre ein liten del av heile regionen. Andre dominerande plantar er krekling, og lyng med tytebær, blåbær og rypebær. På lyngheiane, som desse plantane dannar, veks ofte fjelleiner. Spreidde utpostar med fjellbjørk finst på lune stader eit godt stykke opp i vierregionen.

Den øvre grensa for vierregionen kan vere vanskeleg å fastsette fordi buskvekstane vert kraftig tynna ut med stigande høgde og veks til slutt svært spreidde. I praksis kan høgdegrensa for blåbærlyngen , som er lettare å følgje, også reknast som øvre grensa for vierregionen. I sentrale delar av Sør-Noreg ligg denne grensa 1300-1500 moh. I Nord-Noreg ligg grensa lågare, om lag 600-1000 moh. Som alle vegetasjonsgrenser ligg grensa høgare i sørskråningar enn i nordvende. Spreidde små førekomstar av blåbær ligg høgare enn desse grensen og må reknast med i lavregionen. Det er ikkje dei blåbærbuskane som veks høgast som dannar grense mellom vier- og lavregionen, men høgda der blåbærbuskane slepp taket og det vert langt mellom dei. På Dovrefjell og i Rondane er den vertikale utstrekninga av vierregionen på 350-400 m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]