Vierwaldstättersjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vierwaldstättersee)
Hopp til navigering Hopp til søk
Luzernsjøen
Vierwaldstättersee
innsjø
none Vierwaldstättersjøen frå Pilatus
Vierwaldstättersjøen frå Pilatus
Region Sentral-Sveits
Innsjøtype Reservoar
Tilsig Reuss
Sarner Aa
Engelberger Aa
Muota
Utløp Reuss
Nedslagsfelt 2 124 km² km²
Høgd over havet 433 moh moh
Lengd 30 km km
Areal 113,6 km² km²
Volum 11 8 km³ m³
Kystlengd1 143 7 km km
Koordinatar 47°1′10″ N 8°24′4″ EKoordinatar: 47°1′10″ N 8°24′4″ E
Øyar Altstad-Insel
Byar Luzern (see article)
Wikimedia Commons: Lake Lucerne
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Vierwaldstättersjøen (tysk Vierwaldstättersee) eller Luzernsjøen er ein innsjø i Sveits. Innsjøen har fått namnet sitt fordi fire ulike kantonar, dei såkalla skogskantonane, ligg ved breiddene av han. Dei fire kantonane er Uri, Unterwalden, Schwyz og Luzern. Innsjøen er den fjerde største i landet.

Innsjøen vart danna av Reussgletcher mot slutten av siste istida, for kring 12 000 år sidan. Frå Gotthard-massivet flyt elva Reuss mot innsjøen og fører med seg store mengder grus og silt. Elvedeltaet har sidan istida flytta seg 10 km mot nord ut i fjordarma Urnersee. Han har eit areal på 114 km² og ligg 434 moh. Den største djupna er 214 meter og volumet er 11,8 km³. Mykje av breidda stig bratt opp til fjell opp til 1500 meter over havet kring innsjøen.

Innsjøen er ein populær turistdestinasjon og det går ein kronglete veg kring innsjøen. Mange dampbåtar går mellom dei forskjellige byane ved innsjøen. I tillegg ligg enga Rütli, som er den tradisjonelle staden der ein reknar at Sveits vart grunnlagd, på søraustsida av innsjøen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mange av dei eldste busetnadane i Sveits ligg langs innsjøen, som Küssnacht, Weggis, Vitznau, Gersau, Brunnen, Altdorf, Buochs og Treib.

Frå Rigi mot Luzern

Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Dampskip på innsjøen
Vestsida ¹Austsida


¹ Ved utløpet til Reuss: den vestlege, seinare sørlege breidda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]