Vigatunet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vigatunet

Vigatunet er ein gard som ligg i Hjelmeland kommune, og er ei avdeling under Ryfylkemuseet. Heilt tilbake til 1500-talet kan vi følgje garden i skriftlege kjelder. Det er dessutan fleire gravhaugar på garden og det er gjort funn frå vikingtida.

Slik det gamle tunet står nå vart det sjåande ut i 1821. Da var det utskifting på garden og tunet vart flytt. Det eldste huset er røykstova i hovudbygningen. Denne meiner ein å kunne tidfeste til 1600-åra. Den nye stova vart bygt i samband med flyttinga i 1821. Tømmeret i eldhuset fortel og om høg alder. I Vigatunet finn ein elles uthus med fjøs og løe, stabbur og den såkalla Sissela-stova som skal vera flytt til Vika frå Fevoll, og som i si tid gjorde teneste som skulestove og som gjestestove på garden. Det høyrer og kvernhus og turke til garden, og nede ved sjøen står eit naust.

Viga var eit av dei største gardsbruka i Hjelmeland, og dei hadde fleire tenestefolk. Tunet blei fråflytt i 1955 og overtatt som museumstun i 1970. Den tidlegare eigaren let ein vesentleg del av inventaret stå att i husa, slik at dei framstår i ei svært autentisk form.

I 1990 blei det opna ein frukthistorisk hage innanfor dei gamle hagemurane i Viga, og seinare er hagearealet utvida. Her er planta ut over 100 tre, som representerer tradisjonelle eple-, pære- og plommesortar frå Ryfylke. Frukt- og bærdyrking har gjennom 200 år vore ein viktig del av landbruket i Hjelmeland, og er det ennå.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.