Vigelandsanlegget

Koordinatar: 59°55′38.676″N 10°41′59.680″E / 59.92741000°N 10.69991111°E / 59.92741000; 10.69991111
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vigelandsparken)

59°55′38.676″N 10°41′59.680″E / 59.92741000°N 10.69991111°E / 59.92741000; 10.69991111

Monolitten, ei søyle lagd ei einaste blokk Iddefjordsgranitt med skulpturar som vart uthogde etter at steinblokka var frakta til staden, utgjer Vigelandsanleggets visuelle midtpunkt.
Utsnitt av den aksen som Vigelandsanlegget et orientert etter. Brua med skulpturane i framgrunnen. Den vidgjetne vesle skulpturen Sinnataggen står i raden til venstre, om lag midtvegs på brua.
Brua med skulpturar i Vigelandsparken.
Foto: Quistnix

Vigelandsanlegget er ein del av Frognerparken i Oslo. I parken er det om lag 200 skulpturar i bronse, granitt og smijern av kunstnaren Gustav Vigeland. Skulpturane er hovudsakelig plassert langs ein bein sentral akse innover i parken frå hovudporten i Kirkeveien, med granittskulpturen Monolitten kneisande som det visuelle midtpunktet. Dei fleste gipsmodellane til skulpturane er teke vare på og stilt ut i Vigeland-museet i nærleiken av Frognerparken.

Vigelandsanlegget, som ofte vert omtalt som «Vigelandsparken»[1][2], er eigenleg ikkje ein sjølvstendig park, men namnet på den skulpturparken i Frognerparken som vart opparbeidd etter dei planane Gustav Vigeland stod attom, med blomerabattar og plenar, vegar, bru med dammar oppstraums og nedstraums, terassar, balustradar, smijarnsportar med ulike motiv og mykje anna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Frognerparken i Sentralt stedsnavnregister
  2. Einar Solvoll (14.11.2008). «Aften spør for deg». Aftenposten. «Vigelandsparken finnes egentlig ikke! Vigelandsanlegget er en del av Frognerparken, som er det store restarealet av Frogner hovedgård» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]