Viggo Ree

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk


Viggo Ree
Fødd 19. juni 1950
Yrke illustratør, grafikar, frimerkekunstnar
Far Edmund Ree
Born Benjamin Ree

Viggo Ree (fødd 19. juni 1950 i Nordre Osen i Åmot) er ein norsk biletkunstnar, forfattar og biolog. Ree er aktiv naturvernar og er engasjert som informasjonskonsulent i Foreningen Våre Rovdyr . Som teiknar, målar og grafikar er han særleg kjend for motiva med pattedyr og fuglar i norsk natur. Viggo Ree har òg illustrert og gjeve ut fleire bøker, blant anna felthandbøker om fuglar.

Oppvekst og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Viggo Ree voks opp i Åmot i Østerdalen, men flytta i 1958 til Jeløya i Moss der han tok examen artium i 1970. Han har kunstutdanning frå Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo, der han var frå 1976 til 1980 var student på boklinja og i radérklasse ved grafisk avdeling. Viggo Ree har hatt eige grafikkverkstad frå 1981. Han bur i dag i Hole kommune i Buskerud.

Viggo Ree er son av kunstmålaren Edmund Ree og soneson av forfattaren Ørnulf Ree.

Kunstnerisk produksjon[endre | endre wikiteksten]

Som kunstnar arbeider Ree stort sett med akvarellmåleri, grafikk og teikning. Han har hatt grafikkoppdrag for Den norske Bokklubben og har utført elleve frimerke med fuglemotiv for Posten. Frå 1995 har han kvart år levert akvarellar av jerv til Den Norske Friluftslivprisen. Han er innkjøpt av blant anna Nasjonalgalleriet og Norsk kulturråd.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]