Hopp til innhald

Vigra kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vigra kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre bispedøme
Prosti Nordre Sunnmøre prosti
Sokn Vigra sokn
Fellesråd Giske kyrkjelege fellesråd
Type langkyrkje
Arkitekt Gabriel Smidth[1]
Material tre
Innvigd 24. januar 1894[2]
Kyrkjegard ved kyrkja
Altartavle Ukjent kunstnar[2]
Orgel 1975, Paul Ott[2]
Sitjeplassar ca. 500[2][1]
Kart
Vigra kyrkje
62°33′49″N 6°04′36″E / 62.5635°N 6.0767°E / 62.5635; 6.0767
Wikimedia Commons: Vigra kirke

Vigra kyrkje er soknekyrkje i Vigra sokn i Den norske kyrkja.[1][2] Kyrkja står på Blindheimsreset på Vigra i Giske kommune og er ei langkyrkje frå 1894.[3] Arkitekt for bygget var Gabriel Smidth.[1]

Kyrkja er truleg minst den fjerde i rekkja på Vigra.[2] Dei førre stod på Roald.[3]

Inventar og interiør

[endre | endre wikiteksten]

Motivet for altertavla er Jesus som går på vatnet. Kunstnaren er ukjend.[2]

I kyrkja er teke vare på altartavla og preikestolen frå den førre kyrkja, begge laga av bygdekunstnaren Tavle-Jakob frå Giske.[2] Eit gamalt steinaltar frå mellomalderen er også i kyrkja.[2]

Kyrkja har sitjeplassar til kring 500 personar.[2][1]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 3 4 5 ««Vigra kyrkje»». kyrkjesøk.no. Henta 22. september 2013.
  2. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 ««Vigra kyrkje»». Nettstaden til Giske kyrkjelege fellesråd. Henta 22. september 2013.
  3. 1 2 ««"Kyrkjeørnå" på Roald»». kulturminneatlas.avinet.no (Møre og Romsdal fylke). Henta 22. september 2013.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]