Vigra sokn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°33′49″N 6°4′41″E Vigra sokn er eit kyrkjesokn i Møre bispedøme i Den norske kyrkja.[1] Det ligg under Nordre Sunnmøre prosti[1], og femner øya Vigra i Giske kommune.

Soknekyrkje for området er Vigra kyrkje frå 1894[2][3] på Blindheimsreset.[4] Før den vart bygd låg kyrkjestaden for Vigra på Roald[4][5], og soknet heitte tidlegare Roald sokn.[6] Roald går attende til mellomalderen som kyrkjestad[4][5]. Det tidlegaste ein finn nemnd ei kyrkje på Vigra er i 1429[7][8], men det er nemnd ein prest på Vigra («sira Lodne i Vigr») alt i 1291.[7][4][9]

Vigra sokn høyrde til Borgund prestegjeld til 1702 då soknet vart skild ut som del av Haram prestegjeld.[10] Haram og Vigra hadde frå 1589 vore eige kappelani under Borgund.[10] I 1966 vart Giske prestegjeld danna av Vigra sokn og Giske sokn[10], og Vigra høyrde til Giske prestegjeld til prestegjeldsordninga vart fasa ut frå 2004.

Området var eigen kommune frå 1890 til 1964, fyrst kalla Roald herad, sidan Vigra kommune.[11]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 ««Vigra kyrkjelyd»». Nettstaden til Den norske kyrkja. Henta 22. september 2013. 
  2. ««Vigra kyrkje»». kyrkjesøk.no. Henta 22. september 2013. 
  3. ««Vigra kyrkje»». Nettstaden til Giske kyrkjelege fellesråd. Henta 22. september 2013. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 ««"Kyrkjeørnå" på Roald»». kulturminneatlas.avinet.no (Møre og Romsdal fylke). Henta 22. september 2013. 
  5. 5,0 5,1 ««Kyrkjehaugen»». kulturminnesok.no (Riksantikvaren). Henta 22. september 2013. 
  6. ««Skannede kirkebøker, Møre og Romsdal»». digitalarkivet.no. Henta 22. september 2013. 
  7. 7,0 7,1 Kristian Gleditch (1964). «Vigra». I Arnulv Sudman. Norsk allkunnebok. X. Oslo: Fonna. s. 1084. 
  8. «Diplomatarium Norvegicum (volumes I-XXI) Nummer: 724.». Dokumentasjonsprosjektet. Henta 1. oktober 2013. «(...) Synese som lighr j Mariw kirkiu sokn i Wighr (...)» 
  9. «Diplomatarium Norvegicum (volumes I-XXI) Nummer: 30.». Dokumentasjonsprosjektet. Henta 1. oktober 2013. «(...) sira Lodne i Vigr (...)» 
  10. 10,0 10,1 10,2 ««Kirkebøker, Møre og Romsdal»». Nettstaden til Arkivverket, via webarchive.org. Henta 22. september 2013. 
  11. ¨Dag Juvkam. ««Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen»» (PDF). Statistisk sentralbyrå. s. pp. 58-64. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]