Hopp til innhald

Vikøy i Kvam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vikøy i Kvam
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kvam herad
Kart
Vikøy
60°20′57″N 6°10′19″E / 60.3492°N 6.17194°E / 60.3492; 6.17194
Wikimedia Commons: Vikøy

Vikøy er ein tettstad i Kvam herad i Vestland fylke i Noreg. Han ligg ved Hardangerfjorden, kring 3 kilometer (1,9 mi) sør for heradssenteret Norheimsund. Staden har 378 innbyggjarar (2022).[1]

Namnet «Vikøy» er opphavleg eit gardsnamn. Førsteleddet siktar til ei vik ved garden, sisteleddet øy er 'lågtliggjande lende ved vatn'.[1] Kvam herad heitte historisk «Vikør», med namn etter tettstaden sidan det var her soknekyrkja stod. Skrivemåten blei seinare endra til Vikøy.

Vikøy kyrkje frå 1838 ligg i Vikøy. Den gamle Vikøy stavkyrkje er kjend frå 1300-talet, og stod fram til 1863, då ho blei riven. Vikøy prestegard er no eit museum med fleire verna bygningar.[2]

  1. 1,0 1,1 Thorsnæs, Geir (28. desember 2022). «Vikøy». Store norske leksikon (på norsk).  Fri gjenbruk.
  2. «Kvam prestebustad, Vikøy», OVF (på norsk bokmål), henta 21. juni 2023