Vikøy stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vikøy stavkyrkje
Kart
Vikøy stavkyrkje
60°20′56″ N 6°10′37″ E

Vikøy stavkyrkje var ei stavkyrkje i Vikøy i noverande Kvam herad i Hardanger, nær Norheimsund, som vart riven i 1839. Det er ikkje bevart nokon kjende bygningsrestar frå kyrkja.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det finst ikkje noko grunnlag for ei detaljert datering av kyrkja. Eit Vikøy kyrkjesokn er første gong nemnt i kjeldene i 1317, og det må altså ha stått ei kyrkje på Vikøy då.[1] Då kyrkja vart riven vart det funne seks myntar og brakteatar. Den eldste var frå Håkon V si regjeringstid (1299-1319).

I 1665 trong kyrkja nye sperrer til taket og stavar. Ho vart riven i 1839,[2] like etter at ein bygde langkyrkja Vikøy kyrkje.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

I 1665 vert det omtala ei «dør paa Svalens nordre Side».[2] Kyrkja hadde altså svalgang. Ho hadde eit tårn seinast i 1712. På 1700-talet var ho måla («smukt malet») inni. Breidda på skipet tyder på at ho var treskipa med heva midtrom. Det seiest at ho likna på Stedje stavkyrkje. Storleiken på skipet var 48 fot gonger 28 fot (om lag 15 m x 9 m) og koret 20 fot gonger 22 fot (6 m x 7 m).[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «...j Vikœyiar kirkiu sokn». Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 477. Originalkjelde i Diplomatarium Norvegicum IV, 119
  2. 2,0 2,1 2,2 Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 477

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]