Vik skipreide i Sogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vikøyri var tingstad i Vik skipreide

Vik skipreide var ei av atten skipreider i Sogn.[1]

Geografisk femna ho om Hopperstad sokn og Hove sokn (frå 1877 samanslegne til Vik sokn), unnateke gardane nord for Vikøyri. Vik er eit bygdenamn som siktar til Vikjabukti.

Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1837 vart Kvamsøy skipreide oppløyst, og ein del av henne vart lagd til Vik skipreide som vert kalla Vik tinglag. Deretter tilsvara ho Vik kommune og prestegjeld, med dei grensene som vara fram till 1964.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]