Vikamål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vikamålet, òg kalla oslodialekt, oslomål, folkeleg oslomål og austkantmål, er det tradisjonelle austnorske målføret i Oslo. Vikamålet har vore i tilbakegang frå 1970-talet, men eldre folk frå byen nyttar det framleis. Dialekta høyrer til Vikværmåla, og er nærskyldt dialektane i Vestfold, Østfold, Follo og nedre Buskerud. Namnet skriv seg frå gamle Vika, som var eit arbeidarstrok før Oslo rådhus vart bygd. Dialekta vart nytta i heile Oslo, ikkje berre i Vika.

I Oslo og i andre byar på Austlandet vart frå dansketida òg talemålet dansk-norsk, som seinare vart til danna daglegtale og standard austnorsk, nytta av dei høgare sosiale laga, i Oslo etterkvart særleg på Oslo vest. Frå kring 1970 har standard austnorsk i stor grad fortrengt vikamål, men einskilde trekk frå vikamål overlever i nokre talemål, særleg på Oslo aust. Det mest utbreidde talemålet i Oslo og i andre byar på Austlandet i dag kan seiast å vere eit kontinuum mellom standard austnorsk og ein utvatna versjon av den stadeigne dialekta, ofte avgrensa etter sosiale skilnader.

Før 1800-talet vart Vikamålet nytta av bønder og småkårsfolk i Osloområdet. Som følgje av industrialiseringa på 1800-talet vart Vikamålet ein «arbeidarsosiolekt».

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Dialekta nyttar kløyvd infinitiv og a-ending i ei rekkje verb (kasta, hoppa). Eit særskilt drag ved målføret er bruk av tjukk S i framlyd (sjterk, sjmell i staden for sterk, smell). Av pronomen er det merkbart at eldre folk ofte har nytta dom (dei på nynorsk), medan yngre brukarar nyttar dem i alle former (Nå ser jæ dom komma!). Andre pronomen i vanleg bruk er vårs (oss). Eigedomspronomena demses (deira) og hanses er og vanlege.

Trykket ligg naturleg på første staving, og i ei lang rad framandord.

Sosial bruk[endre | endre wikiteksten]

Vikamålet var og er naturleg knytt til dei gamle arbeidarmiljøa i Oslo. Det var difor ikkje rekna som teikn på danning, og Oslofolk som skulle fram, laut «snakke seg opp» til riksmål. Etter at dei gamle arbeidarstroka vart sanerte, har dialekta vore i tilbakegang. Målføret fekk eit oppsving i høve framvoksteren av AKP (m-l) kring 1970, som eit uttrykk for sjølvproletarisering.

Revyar, film og parodiering[endre | endre wikiteksten]

Målføret var ofte nytta i revyar i hovudstaden, gjerne som eit komisk verkemiddel. Kari Diesen, Arve Opsahl, Aud Schønemann, Leif Juster og Einar Rose var mellom dei som tok vikamålet til scenen og lerretet. Forfattarar som Oskar Braaten og Rudolf Nilsen var òg innom dialekta, og filmar med handling frå gamle Oslo aust har målføret i rik mon (filmar som Den store barnedåpen av Tancred Ibsen og Gategutter av Arne Skouen).

Oslomålet har vorte parodiert i mange samanhengar, t.d. av Harald Eia gjennom figuren «Oslolosen» som snakkar Oslodialekt.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Nokre døme på ulike setningar på Vikamål:

Oslomål Nynorsk
A'Kari blei lært opp av n'Per. Hu skøyt en bjønn utanfor kjærka, i dærn. Ho Kari blei lært opp av han Per. Ho skaut ein bjørn utanfor kyrkja i dalen.
Åffer gjorde du detta? Å ska jæ gjøra nå? Korfor gjorde du dette? Kva skal eg gjera nå?
A'mor fløtta seg for'n, fordi n'hadde hønn. Ho mor flytta seg for han fordi han hadde horn.
Nå ser jæ dom komma. Nå ser eg dei komma.
Hu snakka som vårs, da hu var i huset demses. Ho snakka som oss då ho var i huset deira.
Di må setta dere. De må setta dykk.