Vikebladet Vestposten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vikebladet Vestposten er ei lokalavis som vert utgjeven i Ulstein kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Linda Eikrem er eineleiar (redaktør og disponent) for avisa.

Avisa tek mål av seg å vera lokalavis for kommunane Ulstein og Hareid. Dei to kommunane ligg på øya Hareidlandet. Redaksjonen til avisa ligg i Ulsteinvik. Vikebladet Vestposten blir trykt hos Polaris Trykk i Breivika i Ålesund kommune Namnet Vikebladet Vestposten kjem av ei samanslåing av avisene Vikebladet og Vestposten i 1989. Vikebladet var lokalavis for Ulstein og Hareid og Vestposten for Hareid.

Eigar av avisa er Sunnmørsposten AS, eit dotterselskap av Polaris Media.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2000 5 000
2001 4 936
2002 4 782
2003 4 796
2004 4 765
2005 4 609
2006 4 597
2007 4 628
2008 4 504
2009 4 444
2010 4 421
2014 3 966

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.