Vikeså skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vikeså skule
Org.nummer974623528
KommuneBjerkreim kommune
Kart
Vikeså skule
58°38′18″N 6°05′34″E / 58.63844°N 6.092869°E / 58.63844; 6.092869

Vikeså skule er ein 1.-10.-skule i Bjerkreim kommune.

Skulen har rett over 300 elever, og er den einaste ungdomsskulen i kommunen. På barnetrinnet har skulen som regel ein parallell per trinn, medan ungdomssteget har to parallellar.

Vikeså skule arbeider ut frå visjonen:

Me vil vera med å gje elevane
røter og vinger
slik at dei blir i stand til å meistra livet.

Visjonen skal gjennomsyra organisasjonen og arbeidet ein gjer for å sørga for at elevane skal klare seg på ein god måte i livet etter grunnskulen.

Skulen har derfor over lang tid satsa tungt på klasseleiing. Utviklingsarbeid innen strukturell, relasjonell, digital og fagleg klasseleiing har prega arbeidsmiljøet dei siste 10 åra. Kollektive ferdigheiter styrer rammene for skulekvardagen, og gjer eit heilhetlig system for elevar og føresette å forhalda seg til. Skulen har eit tett samarbeid med andre aktører, sist gjennom Desentralisert ordning frå UDIR der skulen har eit samarbeid med UiS om kunnskapsløftet 2020 med fokus på programmering i ulike fag. Tidlegare har ein bl.a. samarbeidd med UDIR i prosjekta ungdomstrinn i utvikling, og bedre læringsmiljø. Systematisk arbeid med satsningsområdet har vist att på gode resultat på trivselsundersøkingar som f.eks. «ung data».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]