Viketunnelen

Koordinatar: 62°35′20″N 008°10′36″E / 62.58889°N 8.17667°E / 62.58889; 8.17667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°35′20″N 008°10′36″E / 62.58889°N 8.17667°E / 62.58889; 8.17667

Viketunnelen frå sør, Eikesdalsvatnet i forgrunnen.
Foto: Rolf Jürgen Borchardt

Viketunnelen er ein tunnelfylkesveg 191 i Nesset kommune i Møre og Romsdal. Tunnelen går mellom Fløta og Vike på austsida av Eikesdalsvatnet og er 4250 meter lang. Opphavleg var tunnelen 3535 meter lang og opna 12. mai 1997. Han vart forlenga ved Fløta etter at et jord- og steinras skada vegen der i august 2003. Den forlenga tunnelen vart offisielt opna 26. mai 2005.

Etter forlenginga er Viketunnelen den nest lengste tunnelen på ein fylkesveg i Noreg. Lengst av fylkesvegtunnelane er Heggurtunnelen i Tafjord i Norddal kommune.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]