Viking Fotballklubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Viking
Fullt namnViking Fotballklubb
KallenamnDei mørkeblå
Grunnlagd10. august 1899
HeimebaneViking Stadion
(kapasitet: 16 600)
StyreformannChristian Rugland
HovudtrenarBjarne Berntsen
LigaEliteserien
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Viking Fotballklubb er ein fotballklubb i Stavanger. Klubben spelar i Eliteserien og har eit lag i 3. divisjon avdeling 3. Noverande hovudtrenar er Bjarne Berntsen.

Klubben vart grunnlagd den 10. august 1899. Laget spelar heimekampane sine på Viking Stadion i Jåttåvågen. Viking Stadion vart opna den 1. mai 2004. Før det nye stadionet opna var Stavanger StadionEiganes heimebana. Draktene til laget har mørkeblå trøyer, kvite bukser og mørkeblå sokkar.

Viking er den største og leiande fotballklubben i Rogaland fylke. Fotballklubben har vore mellom dei beste i norsk fotball ei rad år. Særleg på 1970-talet vann klubben mange seriemeisterskap. Lenge låg klubben på fyrsteplass på maratontabellen for øvste divisjon i norsk fotball. Etter seriegullet i 1991 har klubben ofte ikkje kjempa heilt i toppen, og har kome bak Rosenborg på maratontabellen.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Noverande tropp[endre | endre wikiteksten]

Oppdatert 1. juli 2020 [1] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Noreg Iven Austbø
3 Flagget til Noreg Viljar Vevatne Kaptan logo.svg
5 Flagget til Island Axel Óskar Andrésson
6 Flagget til Noreg Runar Hove
7 Flagget til Kosovo Zymer Bytyqi
8 Flagget til New Zealand Joe Bell
9 Flagget til Noreg Fredrik Torsteinbø
10 Flagget til Noreg Tommy Høiland
11 Flagget til Noreg Yann-Erik de Lanlay
12 Flagget til Noreg Erik Johannes Thorsbye Arnebrott
14 Flagget til Noreg Veton Berisha
15 Flagget til Noreg Johnny Furdal
16 Flagget til Noreg Even Østensen
Nr. Posisjon Spelar
17 Flagget til Noreg Sebastian Søraas Sebulonsen
18 Flagget til Noreg Sondre Bjørshol
19 Flagget til Noreg Sondre Auklend
20 Flagget til Kosovo Ylldrin Ibrahimaj
21 Flagget til Noreg Harald Nilsen Tangen
22 Flagget til Noreg Arild Østbø
23 Flagget til Noreg Rolf Daniel Vikstøl
24 Flagget til Noreg Kristoffer Løkberg
25 Flagget til Noreg Sebastian Sørlie Henriksen
26 Flagget til Noreg Jefferson de Souza
30 Flagget til Noreg Adrian Nilsen Pereira
35 Flagget til Noreg Henrik Heggheim
41 Flagget til Noreg Trym Sølvberg Ur

Utlån[endre | endre wikiteksten]

Kjende spelarar[endre | endre wikiteksten]

Brede Hangeland vart cupmeister med Viking i 2001
Reidar Kvammen Isak Arne Refvik
Edgar Falch Bjarne Berntsen
Sverre Andersen Svein Fjælberg
Olav Nilsen Erik Thorstvedt
Reidar Goa Gunnar Aase
Sigbjørn Slinning Thomas Myhre
Svein Kvia Erik Nevland
Erik Johannessen Brede Hangeland
Trygve Johannessen Rune Jarstein

André Danielsen er den Vikingspelaren med flest kamper, 552 fram til han slutta i 2019.

Supporterklubb[endre | endre wikiteksten]

VikingHordene er Viking F.K. sin offisielle supporterklubb.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]