Vikingskipsmuseet i Roskilde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vikingeskibsmuseet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vikingeskibsmuseet
Museumshamna
«Havhingsten fra Glendalough», eller berre «Havhingsten», er ein rekonstruksjon av vikingskipet Skuldelev 2

Vikingeskibsmuseet er eit museum i RoskildeSjælland i Danmark som konsentrerer seg om skip, sjøfart og båtbygging i vikingtida. På museet er det teke vare på leivningar etter fem skuter frå vikingtida som vart funne på botn av Roskilde Fjord utanfor landsbyen Skuldelev og berga i 1960-åra, og som har fått namn etter denne landsbyen: Skuldelev 1, Skuldelev 2, Skuldelev 3, Skuldelev 5 og Skuldelev 6. Det som er er att av alle desse skipa er stilt ut med metallskjelett som synar korleis leivningane gjev grunn til å sjå for seg forma på båtane.

Det mest komplette av desse skipa er Skuldelev 3. Årsaka til at det ikkje er nokon båt med namnet Skuldelev 4 er at Skuldelev 2 til å byrje med vart sett på som to særskilde skip, ettersom leivningane etter skipet låg på ulike plassar på fjordbotn.

Allereie før utgravingane av desse skipa vart sett i gang i 1962 ved å setje opp spuntveggar i botn av den grunne fjorden og pumpe ut vatnet innanfor veggane, hadde lokale fiskarar vore klar over at det låg ei gamal skute her, men ikkje at det var så mange og så gamle båtar. I 1920-åra vart stein og trestykke frå skipa teke opp og fotografert, mellom anna eit kjølsvin som vart nytta som ved i omnen ein kald vinterdag under den andre verdskrigen.

Museumssoga[endre | endre wikiteksten]

Vikingeskibmuseet opna i 1969 som eit museum for desse vikingskipa frå fjordbotn utanfor Skuldelev. Den såkalla Museumshallen, teikna av arkitekt professor Erik Christian Sørensen, er det opphavlege museet. I 1997 vart den andre parten av museet, Museumsøen (Museumsøya), teke i bruk. Her ligg det eit båtbyggjeri og dessutan rekonstruksjonar av dei gamle Skuldelev-skipa og andre vikingskip. Båtbyggjeriet bygg framleis rekonstruksjonar av både store og små skip for å dokumentere kva som som skal til for å byggje og halde ved like slike skip, og korleis skipa skal siglast. Båtane vert difor bygde med den same typen verktøy som vart nytta i vikingtida. Det kravde internasjonalt samarbeid og har vore tidkrevjande å finne fram til kva slags typar verktøy som har vore nytta i gamal tid.

Då museet i 1996-1997 bygde museumshamna si ved Roskilde hamn, vart det funne ni vrak og dessutan vrakdelar frå enda fleire fartøy. Dei ni vraka vart greve ut og dokumentert, og dei vart tidfesta til vikingtida og mellomalderen, om lag 1050-1400 e.Kr.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]