Vikingfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vikingfjord

Foto: Jarvin
Skipa1980 (1996)
EigarArcus AS
LandNoreg
ProduktVodka
Nettstadhttp://www.arcus.no

Vikingfjord er eit norsk vodkamerke som vart lansert i Noreg på 1980-talet av Vinmonopolet. Vikingfjord har ein vassklår let, og har ein nøytral aroma.

Design[endre | endre wikiteksten]

Polet ynskja å få til eit norsk alternativ til alle dei utanlandske vodkaane. Han vart likevel ikkje ein suksess før Arcus tok over merkevaren i 1996. Produktet fekk eit nytt design og ei ny oppskrift. Flaskedesignet skal gjeva assosiasjonar til reint norsk vatn frå isbredar. Og flaska har slått an, ho har vunne i gull i Mobius Design Award.[1] Ho har òg motteke utmerkinga Merket for god design som vart delt ut av Norsk Designråd.

Bredevatn[endre | endre wikiteksten]

Vikingfjord er truleg den einaste vodkaen som vert tilsett vatn frå ein isbrede når han skal blandast ned til rett alkoholinnhald. Spriten, som vert laga av jordeple frå området rundt Mjøsa, har eit alkoholinnhald på omtrent 96 %, før det vert tilsett smeltevatn frå Briksdalsbreen, som er ein arm av Jostedalsbreen, Noreg sin største isbrede. Smeltevatnet renn naturleg ned ei kjelde, der det vert henta, og dernest tilsett i spriten.

Lansering internasjonalt[endre | endre wikiteksten]

Vikingfjord vart i 2001 lansert i Sverige og Tyskland. Litt seinare vart han òg lansert i USA. Vikingfjord vart kåra til årets vodkaprodusent i 2016 av The International Wine and Sprit Competition (IWSC).[2]

Produkt[endre | endre wikiteksten]

  • Vikingfjord Vodka (50%)
  • Vikingfjord (37,5%)
  • Vikingfjord Ice Shot (20%)
    • Pure
    • Rasberry
    • Blueberry
    • Ice Mixer Peach
    • Cactus Blossom & Lime
  • Vikingfjord Vodka Cocktails (12,5%)
    • Vikingfjord Vodka Cocktails Mojito
    • Vikingfjord Vodka Cocktails Raspberry Mojito

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Redaksjonen (23. februar 2001), «Amerikansk designpris til Vikingfjord», Aperitif.no (på norsk), henta 19. oktober 2022 
  2. IWSC (2016). «The guide to the world's best wines and spirits» (PDF): 31.