Vikinghamna på Fånestangen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Her låg vikinghamna. På andre sida av Trondheimsfjorden ser vi Leksvik.

Vikinghavna på Fånestangen, frå rundt år 1000 eller noko seinare, vart funnen i Frosta kommune i 2003 under bygging av hamn til fritidsbåtar. Det som var igjen av anlegget var 12 til 14 trestokkar som kan ha vore ein kassekonstruksjon fylt med stein. Denne kunne ha vore både kai og molo. Delar av hamneanlegget er no på Vitskapsmuseet i Trondheim. Mogleg brukar kan ha vore Olav Vigdeild, som på fyrst på 1200-talet hadde sete på garden Viktil om lag 2 km sørvest for hamna. Seinare, mellom 1428 og 1450, brukte erkebiskop Aslak Bolt området ved hamna på reisene sine til Ytterøy. Om vikinghamna då var i bruk er det ingen som kan seia sikkert.

Liknande funn i mellomalderbyar[endre | endre wikiteksten]

Liknande funn utanfor mellomalderbyar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]