Vikingskipshuset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Koordinatar: 59°54′16″N 10°41′6″E

Vikingskipshuset på Bygdøy i Oslo
Vikingskipshuset
Osebergskipet i Vikingskipshuset

Vikingskipshuset, som òg vert kalla Vikingskipsmuseet i daglegtale, er eit kulturhistorisk museumBygdøy i Oslo. Museet høyrer inn under Kulturhistorisk museum som ligg til Universitetet i Oslo, og er eit spesialmuseum for dei skipa og det gravgodset som vart funne i gravhauger frå vikingtida i Østfold og Vestfold. Her er teke vare på funn frå Tune, frå Gokstadhaugen i Sandefjord, Oseberghaugen og Borrehaugane, både gjenstandar og dei tre skipa, som i vår tid har fått namna Tuneskipet, Gokstadskipet og Osebergskipet.

Utgravingane av desse gravhaugane vart gjort på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Skipa og det rikhaldige gravgodset vart teke hand om av Universitetets Oldsaksamling ved Universitetet i Oslo. Gokstadskipet og Osebergskipet måtte mellombels verte plassert i lite høvelege skur bak Universitetsbygningane, og spørsmålet om kvar og korleis dei skulle stillast ut permanent, engasjerte mange. Leiaren av Universitetets Oldsaksamling, professor professor Gabriel Gustafson, meinte at ein bygning for vikingskipsfunna burde danne kjerna i eit stor arkeologisk museum på grannetomta til Norsk Folkemuseum på Bygdøy, og i 1916 gjorde Stortinget vedtak om å byggje eit vikingskipshus på Bygdøy som fyrste byggjesteg i realiseringa av ein slik plan. Ein arkitektkonkurranse vart utlyst og vunne av arkitekt Arnstein Arneberg. Hallen for Osebergskipet vart bygd med løyvingar frå Stortinget, og i 1926 kunne skipet flyttast frå skuret attom Universitetsbygningane i sentrum og ut i denne hallen. I 1932 var fløyene som skulle hyse Gokstadskipet og Tuneskipet ferdig, men den siste fløya for dei mange fine gjenstandane frå Oseberghaugen var ikkje ferdig før i 1957 på grunn av ei utsetting til å byrje med, og deretter som fylgje av krigen og den tyske okkupasjonen av Noreg under den andre verdskrigen i 1940-1945.

Vikingskipshuset har fått ei innvendig utforming som langt på veg kan karakteriserast som sakral. Arkitekturen vekker den kjensla i publikum som bør fylgje av at skipa og utstyret har vore plassert i gravhaugar. På sitt vis poengterer den arkitektoniske utforminga av utstillingshallane at utstillinga har å gjere med tru og sedvane i førkristen tid, ikkje utelukkande om skip og sjøfart.

Utvidingsplanar for museet[endre | endre wikiteksten]

Statsbygg inviterte i 2015 til open konkurranse om planar for nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy knytt til Vikingskipshuset. Vikingskipshuset er freda som ein del av Bygdøy kulturmiljø, og Riksantikvaren har difor vore rådgjevar i prosessen. Vinnar av konkurransen vart framlegget «Naust» av det danske arkitektfirmaet AART architects, som synar eit sirkelforma utbygg mellom to av fløyene på det som riksantikvaren omtalar som «Arnstein Arnebergs ikoniske museumsbygning»[1].

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]