Vikran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsikt mot Vikran frå Larseng på motsett side av Straumsfjorden.

Vikran er ei bygd i Tromsø kommune. Ho ligg heilt nord på Malangshalvøya, på sørsida av Straumsfjorden. Busetnaden byrjar i vest ved Ryøya og Rystraumen og strekkjer seg austover mot Storvika og Balsnesodden.

Fylkesveg 286 passerer gjennom bygda. Vegsambandet til Kvaløya og Tromsø går om Ryatunnelen og Fylkesveg 858. Avstanden til Tromsø sentrum er rundt 14 kilometer i luftlinje og 35 km i køyrelengd. Koordinatar: 69°32′36″N 18°46′00″E