Viksfjorden

Koordinatar: 59°01′N 10°06′E / 59.017°N 10.100°E / 59.017; 10.100
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°01′N 10°06′E / 59.017°N 10.100°E / 59.017; 10.100

Småbåtbrygge og hytter i Viksfjorden i Larvik kommune.
Foto: Mahlum

Viksfjorden er ein liten fjordarm til Larviksfjorden i Larvik kommune. Han har innløp mellom Malmøya og Hummerberget ved Rekkevik og strekker seg om lag 7 km nordaustover forbi Vikerøya. Vikerøya deler Viksfjorden i to og den vestlege delen heiter Kolladjupet, medan den nordlege delen heiter Varillfjorden. Varillfjorden har ei lengd på om lag 2 km og på det smalaste er han berre om lag 50 meter brei mellom Vikerøya og fastlandet.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestfold å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.