Viktor Khristenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Viktor Borisovitsj Khristenko (fødd 28. august 1957) (russisk Виктор Борисович Христенко), er ein russisk politikar og økonom. 24. februar til 5. mars 2004 var han fungerande statsminister i Russland etter at forgjengaren Mikhail Kasianov vart avsett av president Vladimir Putin.

Khristenko vart fødd i Tsjeljabinsk. Han er gift og har tre born. Han har doktorgrad i økonomi og jobba etter endt utdanning ved universitetet i Tsjeljabinsk. Frå 1991 til 1997 hadde han høge posisjonar i administrasjonen i Tsjeljabinsk oblast. I 1997 kom han til Kreml som visefinansminister. Frå 1999 var han visestatsminister. Sidan 5.mars 2004 har han vore industri- og energiminister.


Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.