Viktor Lipsnis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viktor Lipsnis


Statsborgarskap Sovjetunionen, Ukraina
Fødd 6. desember 1933
Nizjyn
Død

25. september 1997 (63 år)
Kyiv

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1964, EM i friidrett 1958, EM i friidrett 1962, Sommeruniversiaden 1961

Viktor Lipsnis (6. desember 193325. september 1997) var ein ukrainsk kulestøytar, fødd i Nizjyn og død i Kiev, som representerte Sovjetunionen. Han vart andremann i øvinga både under EM 1958 og EM 1962.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Lipsnis sette 12. august 1958 sovjetisk rekord i kulestøyt med 17,72 m då han sigra i den sovjetiske hærmeisterskapen i Tartu. Under europameisterskapen i Stockholm elleve dagar seinare leia han kuletevlinga etter fem omgangar, men måtte sjå seg slått av Arthur Rowe som i siste omgang sette britisk rekord med 17,74 meter. 20. januar 1959 vart Lipsnis den fyrste europearen som støytte kula over 18 meter, med di han innandørs i Leningrad fekk målt 18,08 m.

19. juni 1960 forbetra Lipsnis sovjetrekorden til 18,49 m då han vart bestemann i eit internasjonalt stemne i Praha. I OL-finalen i slutten av august same året vart han fjerdemann, over meteren bak dei tre medaljevinnarane frå USA. I 1961 vann Lipsnis kuletevlinga i universiaden. Under landskampen USA – Sovjetunionen i Palo Alto 21. juni 1962 flytta han sovjetrekorden til 18,93 m. Ved europameisterskapen i Beograd tok Lipsnis sølvmedaljen, klart slått av ungararen Vilmos Varjú.

I mai 1964 forbetra Lipsnis sovjetrekorden til fyrst 19,04 m og deretter til 19,23 m. 25. juli 1964 presterte han sitt livs lengste støyt då kula landa på 19,35 m i landskampen USA – Sovjetunionen i Los Angeles. Han vart likevel statist mot Dallas Long som vann og sette verdsrekord med 20,68 meter.

Lipsnis la opp etter 1965-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]