Viktor Rasjtsjupkin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Viktor Ivanovitsj Rasjtsjupkin (fødd 16. oktober 1950) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Kamensk-Uralskij i dåverande Sverdlovsk oblast. Han vart olympisk meister i diskoskasting under Sommar-OL 1980 i Moskva som representant for arrangøren Sovjetunionen.

Rasjtsjupkin vart nummer to i diskoskasting i sovjetmeisterskapen 1978, i 1979 vart han sovjetmeister. Han var ikkje av dei største favorittane i OL-finalen i øvinga i Moskva, etter den tredje finaleomgangen låg han på fjerdeplass med sine 65,08 m. I den fjerde omgangen la han på til 66,64 meter, hans livs lengste kast. Kastet skulle vise seg å halde til gullmedalje, dei største medaljekandatane; Imrich Bugár frå Tsjekkoslovakia, Luis Delís frå Cuba, Wolfgang Schmidt frå Aust-Tyskland, vart høvesvis nummer 2, 3 og 4 med bestekast på 66,38 m, 66,332 m og 65,64 m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]